MidtsidenCup 2016

– Gøy med strekk

Sjå video og stor bildeserie frå MidtsidenCup.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Laurdag var over 400 vaksne proffar og amatørar på gatecup på Kuventræ. Nokre er faste deltakarar, nokre gjorde comeback mens andre debuterte.

– Det er over 10 år sidan eg spelte fotball sist. Kollegaen min Vibeke (Olsen) spurde sjefen om vi kunne delta og han sa OK, fortel keeper for Borgafjell Barnehage, Marita Wiers.

Dei stilte i dameklassen og fekk tøff motstand mot aktive og nyleg aktive jenter i 18-20-årsalderen.

– Vi hadde oss to treningsøkter i ein ballbinge tidlegare i veka. Måndag var det fem av oss som fekk strekk og éi som fekk kikhoste. Men vi har hatt det gøy, dette er god teambuilding.

Prøvde å kopiera 2001-suksessen

Ei anna sprek verksemd i Os, Kuventræ barneskule, stilte i mixklassen med namnet «Ingen utenfor».

Der hadde Tonje Hjertnes Rykkel, tidlegare vinnar med venninner i dameklassen, fått med seg kollegaer med fryktinngytande CV.

– Kuventræ skule vann sist dei var med, i 2001. Eg har òg vore med å vinna med Øyakrabbane, fortel rektor Olav Røttingen.

2001 var siste året før gatecupen fekk Midtsiden-namnet.

Det blei suksess for skulen i år òg, Ingen utenfor vann pulja, men tapte semifinalen for Hooligans FC, som til slutt vann klassen.

Superlaget, som kom til finalen i fjor, tapte semifinalen for The Underdog på straffekonk.

T Ullrich henta pokalen heim igjen

T Ullrich, som vann i 2013 og 2014, sto over i fjor.

– Vi skal lata nokre andre vinna i år, sa manager Dag Tore Skjelde.

I år var han tilbake med Baste Jonassen som coach og eit lag som også i år var godt nok til gull.

I finalen var det så vidt det heldt, mot juniorane på Ivory Toast blei Preben Borgen matchvinnar med kampens einaste skåring, som kom i første omgang, mens keeper Arne Veim Haugland fekk eit par ballar å strekka seg etter då det unge finalelaget jaga utlikning.

Hugsar ein 37-2-siger

Jada Ball- og Grillklubb var nytt lag i år, men med fleire deltakarar som har spelt cup før. Dei fleste er frå 89-årgangen og har spelt saman på Jadakameratene.

– Eg spelte på Os. Eg hugsar Jada-gutane kom opp til oss på Kuventræ etter at vi slo dei 37-2 nede på grusen, fortel Håkon Holen.

I MidtsidenCup blei det ingen liknande siffer. Jada Ball- Og Grillklubb tok seg til semifinalen, der dei tapte 3-1 for laget 1-2.

Gjengangarane Ungdomskilden IL, som har deltatt kvart år, vann pulja, men tapte 1-3 for Swole Patrol, som tok seg til straffekonk i semifinale mot cupvinnar Sunday League Football i straffekonk.

Her kan du sjå namn og bilde av alle finalistane.

Fleire saker