Torsdagsklubben testa puttinggreenen på Bjørnefjorden golfklubb torsdag (foto: Andris Hamre)

Gøy på golfen

Torsdagsklubben med vener frå Austevoll og Tysnes koste seg på Bjørnefjorden Golfklubb.

image
image
image
image
image
Av: Andris Hamre

Det var ikkje mangel på respons då klubbleiar Erik Just-Olsen spurte dei omlag 50 deltakarane frå Torsdagsklubben om dei hadde hatt det kjekt sist dei vitja Bjørnafjorden Golfklubb.

– Jaaaa, runga det gjennom klubblokalet.

– Så bra. I dag skal de få gjera mykje av det same som sist. Vi skal ha petanque, korte slag, putting, fotballgolf og golfsimulatoren kor de skal få prøva å spele golf på ei av dei store internasjonale banene, forklarte Just-Olsen før deltakarane kunne gå til den posten dei hadde mest lyst på.

– Vi hadde besøk av Torsdagklubben også i fjor haust. Då hadde fleire av dei lyst til å komma tilbake med ein gong, men vi blei eininge om at vi skulle drøya det til våren, så i dag er dei her.

– Det er utruleg kjekt for oss som klubb å få vist fram anlegget og å få vist at det kan brukast til meir enn vanleg golf og av grupper som vanlegvis ikkje er her oppe, fortalde Just-Olsen til Midtsiden medan vi gjekk rundt og såg på aktivitetane.

Langvegsfarande gjester

Bente Borghild Hauge, fritidsleiar for utviklingshemma i Os kommune, fortel at det er populært å koma opp på golfen.

– I tillegg er det ekstra kjekt at våre vener frå Austevoll har tatt den lange turen for å vera i lag med oss. Det synes vi er ekstra stas. Vi har òg tre jenter frå Tysnes, som er med oss mest kvar torsdag.

– Er dette sommaravslutning, siden det er hotdog, saft og vaflar på menyen?

– Nei, vi har to ganger igjen før sommaren. Neste torsdag skal vi til Oselvarnaustet og få ro Oselvarar saman med karane i Oselvarlaget, før det blir litt shanty og song i naustet.

– Sommaravslutninga tek vi på Øvreeide gard, slik som vi gjorde i fjor. Då blir det ein skikkeleg sommarfest, avslutter Hauge med eit smil.

Fleire saker