Lokal | 14. apr. 2013

Grasbrann og dykkar-utrykning

Søndag morgon fekk brannvesenet melding om grasbrann på Lekven og ungar i trøbbel på isen på Skogseidvatnet.

Grasbrann og dykkar-utrykning
Det har vore fleire grasbrannar i Os den siste tida, den største var nok denne på Kuhnle. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 14. apr. 2013 10:23

Os brann- og redningsteneste fekk ein hektisk start på søndagen.

– Først fekk vi melding om ungar i trøbbel på isen på Skogseidvatnet, så kom melding om grasbrann på Lekven, fortel brannsjef Stein Gjøsund.

Politiet hadde vurdert situasjonen på Skogseidvatnet som så alvorleg at det blei sendt både helikopter og redningsdykkarar frå Os og Bergen i retning Fusa.

– Dykkarane sat på ferja då kontrameldinga kom, aksjonen blei avblåst, fortel Gjøsund.

På Lekven blei det heller ikkje noko dramatikk.

– Det var eit bål som hadde kome ut av kontroll, men bålbrennaren hadde fått kontroll på flammane då vi kom fram, seier Terje Håvardstun frå Os brannvesen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.