«Elvis» av Kenneth Høiland stakk av med 1. premien. (Foto: KVB)

Graskar-utstilling vil bli tradisjon

Her er vinnarane av Er-An Veikro sin første graskar-konkurranse.

image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I førre veke inviterte Er-An Veikro til graskar-konkurranse.

– Det blei litt kort varsel, likevel fekk vi inn ti fine graskar.

– Nokre av dei var verkeleg imponerande og ser ut til å vera krevjande å få til, men vi er like glade for alle som kom inn, seier Linda Andersen hos «Amerika-kroa».

Fredag og laurdag blei graskara levert til restauranten, gjennom helga og ut halloween måndag sto graskara utstilte i vinterhagen, godt synleg frå fleire av borda i restauranten.

Desse tre får premie

– Det kom folk frå både Os og Bergen og leverte, to av dei var eit sambuarpar som konkurrerte seg i mellom, mens nokre søstrer frå Os kom ferdig utkledd og skapte god stemning då dei kom med det dei og ungane hadde laga.

Juryen fekk ein vanskeleg jobb, og landa på premie til desse tre:
1. plass, gåverkort på 500 kroner: «Elvis» av Kenneth Høiland
2. plass, gåvekort på 300 kroner: «Kannibal» av Frøydis Ekerhovd
3. plass, gåvekort på fem softis: «Hippie» av Synneva Ekerhovd

Ny utstilling neste år

Er-An Veikro fortel om fine tilbakemeldingar på graskar-utstillinga.

– Det er både lite skummelt og ein koseleg aktivitet, her har fleire familiar jobba saman om å forma graskara. For gjestane har det òg vore koseleg med desse små kunstverka.

Linda seier ho tar graskar-ideen med seg vidare.

– Neste år, når vi er tidlegare ute, trur eg det kan koma endå fleire graskar i utstillinga.

Fleire saker