Gratis WiFi på plass i Os sentrum
– Vi skal òg oppgradera internett i hamna til same system, seier Daniel Skotheim.
Den andre veka i juli blei fem sendarar monterte i Os sentrum, i går var gratis internett frå Os kommune i drift.
– Det tok litt lengre tid enn venta, men no skal alt vera i orden. Nettet heiter «Os sentrum Free WIFI», seier næringssjef Daniel Skotheim.
– Interessa har vi opplevd som stor, berre dei siste vekene har over 70 personar kome innom i kundetorget i rådhuset og spurd om dette med wifi.
Du kan logga deg på med facebook-kontoen din eller ved å motta passord per sms.
Pålogging er eit verktøy for å hindra misbruk og å betra tryggleiken til wifi-brukarane.
Set opp same system i hamna
Det er montert sendar i Brugata (Sparebanken Vest/Gründerparken), på Sælen (Jernia) sitt bygg og rundt rådhuset.
– Utan at eg har vore på vandring for å testa, vil eg tru at 90 prosent av Os sentrum har god dekning. Rekkevidda strekk seg òg eit stykke ut i hamna.
Os hamn, som har hatt gratis internett sidan 2013, skal endrast til same system.
• Les òg: Betre for gjestar i Os hamn
– Her står antenna på Oselvarverkstaden. Vi vil sjekka moglegheitene for også å montera sendar på Oseana, seier Skotheim.