Gratulerer, Glenn!

Fyller 50 i dag: Oppvekst i New York, einsam ungdomstid i Os og rebelsk studietid i Oslo. Bli betre kjent med HavFest-sjefen.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Glenn Erik Haugland
Fødd: 29. mai 1961 i New York
Gift med Heidi Tronsmo
Barn: Anne Goro (f. 1987) og Ragnhild (1990)
Utdanning: U. Pihl skole (musikkgymnas i Bergen) og Norges Musikkhøgskole, der han blei omtalt som "den nye Arne Norheim" etter at han gjekk ut med toppkarakter på avsluttande eksamen i 1985.
Yrke: Komponist (og lydteknikar). Har levd av å vera frilanskomponist sidan 1985. Haugland har blant anna skrive verk til Bergen Filharmoniske Orkester, Oslo Filharmoniske Orkester, Bergen Domkantori og Den Norske Opera. Saman med kona Heidi Tronsmo og svogeren Ståle Tråsdahl starta han i 1990 musikkteaterensembelet Stiftelsen Opera Omnia. Haugland har også vore formann i Norsk Komponistforening frå 1997 – 2002.
Merksemd: I 1997 fekk fiolinisten Trond Sæverud Spellemannprisen i kategorien samtidsmusikk for CD-en Ghosts med musikk av blant andre Glenn Erik Haugland. I 2004 blei Haugland nominert til Nordisk Råds Musikkpris for kammeroperaen Hulda og Garborg. I 2007 blei han ble tildelt Fartein Valen-stipendet.
Aktuell: Fyller 50 år i dag. Komponist for HavFest som har urpremiere laurdag 18. juni - i Oseana.

– Det var fascinerande å veksa opp blant irar, italienarar, russarar og polakkar i det internasjonale miljøet på bondeland upstate New York. Eg hugsar stemninga, lukta og temperamentet heime hos dei italienske kameratane mine. Desse minnene var nok medverkande til at eg mange år seinare, valte å bu eit år i Italia etter at eg og Heidi fekk kunstnarstipend, seier Glenn Erik Haugland.

Før helga møtte vi jubilanten heime på gardstunet på Haugland. Første gong han sjølv kom til garden var han 11 år og utan norskkunnskap.

– Norsk var mor og far sitt spionspråk, det mystiske språket dei brukte då dei skulle snakka om noko vi ungane ikkje skulle forstå, minnest han.

Fødd på Long Island

Olaf Haugland, barnebarnet til "statsråden" som Ole Andreas Haugland blei kalla då han var varaordførar under Nils Tveitt, reiste til USA på slutten av 50-talet. Der møtte han sørlandsjenta Erna frå Søgne. Snekkaren og vaskehjelpa møtte kvarandre i det norskamerikanske miljøet i Brooklyn, fekk Glenn Erik i 1961, Anne i 1963 og Bjørn Arvid i 1964.

– Vi budde på Huntington Station nær Queens til eg var rundt 5 år. Då flytta vi nord i staten New York, til hillbillies-land og Castkill Mountains.

Glenn fortel om trygge, fine år, ein god skule som var flink å ta seg av ungane, og eit internasjonalt miljø med mange ferske amerikanarar. Sjølv dreiv han med baseball og han hugsar enno då yndlingslaget New York Mets i 1969 vann World Series.

– Det blei litt av ein folkefest. Vi fekk fri frå skulen og stemninga var euforisk, ler han.

Inspirasjon frå fjernsyn

Pappa Olaf spelte i si tid trommer i Søre Neset musikklag, men det var ikkje foreldra som fekk unge Haugland inn på sporet av den etterkvart altoppslukande musikkinteressa.

– Eg var ganske sjølvdriven. Frå eg var 8-9 år skjønte eg at musikk var noko spesielt for meg. Eg likte Johnny Cash, eg kjente meg igjen i mange av tekstane hans, eg lærte å spela klarinett, hadde ein god lærar i mr Simon og henta mykje inspirasjon av Leonard Burnstein, som kvar søndag retta seg mot ungdom med sitt pedagogiske TV-program om klassisk musikk. Eg sat klistra framfor skjermen.

Klarinettlæraren mr Simon oppmuntra Glenn Erik til å skriva. På same måte som andre skriv dagbøker gjekk han med notatblokk og skreiv korte melodiar.

Vanskeleg møte med Os og Haugland

Brått ville foreldra heim til Noreg, Olaf ville overta garden heime på Haugland. Møtet med Noreg og Os blei tøft for heile familien.

– For det første var det som å hamna mange år, kanskje fleire tiår, tilbake i tid. Dette var 1972 og eit Noreg som førebels var utan oljerikdom. At eg ikkje kunne norsk gjorde det vanskeleg å tilpassa seg.

Glenn merka at musikken betydde endå meir for han enn før. I dag er han ekstra glad for måten Søre Neset musikklag tok vare på han.

– Dei blei som ein familie for meg. Dei såg talentet mitt, gav meg ekstratimar og tok vare på meg både som musikar og som ung og litt einsam gut. Det er eg utruleg takksam for.

Ville vekk

Det er tydeleg at Glenn ikkje har så gode minne frå dei første åra i Noreg. Den store forskjellen på USA og Noreg blei ei påkjenning for han og resten av familien. Men då vegen gjekk vidare til musikkgymnas i Bergen, der han blei ven med Sæverud-familien, kamerat med Trond og fekk spela for sjølvaste Harald Sæverud, fekk han ei fantastisk tid.

– Samstundes hadde eg bestemt meg for at eg ville vekk. Os og odel på Haugland var veldig lite interessant så eg flytta til Oslo for å jobba vidare med musikken. Kvar vegen skulle gå, korleis eg skulle leva av musikk, visste eg ikkje.

I musikkmiljøet i Oslo blei han kjent med lektor, seinare førsteamanuensis ved nystarta Norges Musikkhøgskole, Olav Anton Thommessen.

– Han var allereie då ein etablert komponist. Eg kom valsane til han med gummistøvlar, som ein bondeknøl, medan han var ein eksentrisk bohem som svaia ut og opna døra i morgonkåpe, fortel Glenn og ler.

Så blir han meir alvorleg. Og litt blank i augo.

– Vi utvikla eit nært vennskap. Eg veit ikkje kvifor han tok seg så godt av meg, med ekstratimar og rådgjeving, men han blei som ein farsfigur, fortel Haugland om den 15 år eldre komponisten og mentoren.

Farga håret raudt

Glenn la seg ned på kne og hylte av glede då han fekk brevet som fortalte at han fekk plass på den nyoppretta komponistlinja ved musikkhøgskulen. Tommessen hadde oppmoda han om å søkja, men sjølv følte han at intervjuet ikkje hadde gått så bra.

– Eg sto som ein vill papegøye og forklarte entusiastisk om ideane mine medan eg først etterpå la merke til at juryen var veldig taus og langt ifrå like entusiastisk. Eg blei veldig usikker på korleis det hadde gått og tilsvarande glad då eg fekk plassen.

I studietida handla det framleis om musikk frå morgon til kveld, men ikkje berre klassisk musikk. Han spelte bass i pønkeband, farga håret raudt og jobba som dørvakt i Oslo Rockeklubb.

– Eg budde på kollektiv med rockarar. Ein av dei studerte lys- og scenerigg, så eg blei med han på nokre jobbar, og tok seinare lydteknikk som fag ved sidan av komponiststudiet. Den kunnskapen har blitt nyttig.

Den nye Nordheim

Rockemiljøet blei overlappa av musikkteater og Haugland fekk mange med seg. Blant desse var ei tøtte frå Alvdal med litt spreidde røtter som han sjølv, men med heilt motsette meiningar om mykje.

– Gjengen blei overraska då vi, etter å ha vore motpolar i om lag alle diskusjonane vi hadde hatt i gruppa dei siste to åra, tinglyste at vi var eit par.

Songaren Heidi Tronsmo studerte på same skule, men ei anna linje, songpedagogikk. Dei to jobba vidare saman og Heidi var med på det som var Glenn Erik sin eksamen.

Fire år på høgskule var over og Haugland avslutta med ei eksamenskonsert der han brukte element frå teater, film og multimedia på ein måte som resulterte i toppkarakter og mykje merksemd i media. Året var 1985 og Aftenposten kalla han den nye Arne Nordheim.

Ut av Oslo - vekk frå ansienniteten

Timinga såg ut til å vera rett for ein nyutdanna komponist å skyta fart - karriera hans kunne ta av etter den positive merksemda orundt eksamen, i eit miljø og i ein marknad han og Heidi etterkvart hadde bygd seg opp eit godt nettverk.

I staden stakk dei to ut av Oslo, ut i skogen, nesten til svenskegrensa, til lånt hus, inga inntekt, utedo og kulderekord i Alvdal sør for Røros.

– Eg hadde noko lydutstyr, som eg hadde lånt pengar for å kjøpa. Men vi hadde inga inntekt, vi hadde ingenting. Det einaste eg visste var at det var ikke heilt meg, det eg følte Oslo ville få meg til å bli, ei eksentrisk kunstnarskrue tilhøyrande ei liten krins inst i kulturkrinsane i hovudstaden.

Heidi og Glenn ville ut til folket, vanlege folk med vanlege jobbar. Og frå til vesle raude huset dei lånte av Heidi si slekt i Alvdal kom det vanlege folk, nokon med trekkspel andre som medlem av mannskor. Gradvis blei det fleire oppdrag i lokalsamfunnet, der Glenn Erik blant anna var med på å forma eit nytt kulturhus, Tynset Kulturhus.

Vest og nord

Etter å ha gjort alt frå reklamemusikk for havbruksnæringa til jingles og dirigent-oppdrag gjekk turen til Nordfjord. Heidi fekk tilbod om jobb som distriktsmusikar i Gloppen og paret, som hadde blitt foreldre til Anne Goro, pakka saman og reiste vestover.

– Heidi var på jobb medan eg var heimeverande pappa og komponist. Etter ei stund sakna vi det å ha familie rundt oss, spesielt sidan vi hadde bitt ein liten familie.

 Turen gjekk til Trøndelag, der mora til Heidi budde og broren var på veg å flytta til.

– På denne tida sleit min eigen familie med garden på Haugland. Eg merka at far min ikkje likte seg så eg anbefalte han å selja kyrne og reisa tilbake til USA. Det gjorde han og mor, og etterkvart også søsknene mine.

Stipend og flytting til Italia

Etter nokre kjekke og svært travle år i Trøndelag gjekk turen i 1994 tilbake til Oslo. Familien, som no var blitt fire, kjøpte seg bustad på Grünerløkka. Dette husværet eig familien enno.

Medan dei budde i Oslo fekk både Heidi og Glenn kunstnarstipend. Saman med husleiga dei fekk frå husværet på Grünerløkka  fekk dei råd til å ta seg eit år i Italia.

– Men det blei ikkje noko ferie. For det første hadde vi oppdrag med oss, for det andre var bustaden vi leigde så ekstremt dårleg at mykje arbeidstid og pengar gjekk med til reparasjonar.

– Berre det å skaffa telefon og internett i Italia er ein ekstremsport, plutseleg har dei fri ein månad, det var verre enn på film. Men opphaldet i Italia var samle sett ei flott oppleving, med tilreisande skodespelarar frå Noreg som budde hos oss medan vi øvre og då vi hadde urpremiere i eig gamalt teater i Italia før heimereise.

Heime på Haugland

Etter eit år i den italienske byen Perugia gjekk turen heim, denne gong tilbake til garden han har odelsrett på.

– Det var spesielt å vera tilbake. Eigedomane og innmarka lengta etter vedlikehald. Gradvis fekk vi det som vi ville ha det.

Glenn har blant anna bygd opp ein bygning med bodplass og garasje - og eit arbeidsrom med samme isolasjon som blir brukt i stridsvogner, materiale Glenn ved slump fekk tak i.

– No trivst vi heime og vi trivst i Os, seier 50-årsjubilanten.

Og korleis skal han feira dagen? Sånn han liker best å bruka ein god søndag, i eit kulturhus saman med utøvarar.

– I dag skal eg og Heidi vera på øving i Oseana. Eg gler meg og eg trur det blir ein veldig fin bursdag, seier jubilanten Glenn Erik Haugland.

Fleire saker