Lokal | 15. sep. 2009

- Gratulerer, Laila!

Ingrid Netland (Sp) gratulerer Laila Reiertsen (Frp) med plass på stortinget. Sjølv hamnar Netland i kultur- og ressursutvalet i fylket.

- Gratulerer, Laila!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 15. sep. 2009 10:04

- Eg vil gratulera Laila med valet, det var ufatteleg kjekt at ho fekk plass på stortinget! seier Ingrid Netland (Sp).

- Med si ombodsrolle kjem Laila til å bety mykje for Os, kommunen vår kjem til å veksa på Noregskartet, trur Netland.

Tar plassen til Toppe
Sjølv er ho også nøgd med stabil oppslutnad for Sp, raudgrøn siger, og med at partikollega Kjersti Toppe fekk plass på tinget. Sp fekk 6,2 prosent (-0,3) av stemmene, i Os fekk dei 4,9 (+0,2).

- Det blei ei spennande natt. Lars Sponheim (V) mangla berre rundt 400 stemmer for å halda på plassen sin, og det kunne han lett ha fått. Når det er sagt, måten Frp har uttalt seg om Sponheim på er ufint. Generelt synes eg rikspolitikarane må betra språkbruken sin.

Men Sponheim måtte gå, medan Hordaland Senterparti sitt mandat blei ståande.

- Kjersti Toppe er seksbarnsmor og utdanna lege. Ho er rik på både kunnskap og energi, og blir ei god dame på tinget for oss vestlendingar.

Med Toppe på tinget trer Netland inn som fast medlem i kultur- og ressursutvalet i Hordaland fylkeskommune. I tillegg klatrar ho til 3. vara på fylkestinget.

- Det blir nokre fleire møter på meg framover, og fleire spennande sakar å jobba med, seier Ingrid.

Synleg i samarbeidet?
Ap gjekk fram og SV tilbake medan Senterpartiet heldt seg stabilt. Det heldt akkurat til raudgrønt fleirtal. Netland fortel om ein kjekk valkamp side om side med andre lokalpolitikarar.

- Vi har kost oss med vaflar frå Frp sin stand og blautkake frå Ap sin stand. Og eg trur vi lokalt har gjort ein god innsats for partiet vårt, seier Netland.

- SV gjekk mykje tilbake medan Ap vaks. Er Sp sin politikk synleg i det raudgrøne samarbeidet?

- I valkampen i år har vi hatt to politiske blokker, så det har blitt litt liten fokus på partipolitikk, dessverre. Men Senterpartiet har levert i dei åra som har gått, vi har blant anna hatt to gode jordbruksoppgjer, i regjeringa er vi garantisk mot EU-medlemsskap og vi har vore viktige på blant anna kommunalpolitikk, meiner Netland.

Veg og Vestlandet
Netland er stolt over dei to statsrådane frå Senterpartiet, olje- og energiminister Terje Riis-Johansen og samferdsleminister Liv Signe Navarsete.

- Dei er gode til å forhandla og dei er fine representantar for vår politikk. I vår region har samferdsle vore det varmaste temaet, og det å ha Navarsete vidare i regjering trur eg har gjeve oss mange stemmer i Os og elles på Vestlandet.

- Eg forstår argumenta til dei som er imot bompengar, men vi er opptattet av at det skal koma veg, og at det skal koma midlar til å følgja opp nasjonal transportplan.

- SV har lært
Netland trur at SV sitt første val i posisjon var med på å gje partiet det dårlege resultatet.

- Noreg er kanskje det landet som takla finanskrisa best, det skal finansminister Kristin Halvorsen ta til seg. Men SV har måtta svelja ein del kamelar i perioden som gjekk, å sitja i posisjon under eit val er nytt for dei.

- Vi i Sp har meir erfaring med det å sitja i samarbeidsregjering. Eg trur SV vil veksa seg større til neste val.

- Når de no skal inn i nye Soria Moria-forhandlingar, kva kjem Sp til å kjempa for?

- Vi held fram kampen for bøndene og landbruket. Vi vil ha norsk mat og vi forstår at norske bønder ikkje kan konkurrera mot store europeiske matvareprodusentar.

- Midlane vi brukar til å støtta det norske landbruket med er ikkje landbrukssubsidier, men forbrukssubsidier, vi gjev nordmenn betre matvarer.

- Men satsing på fornybar energi blir også viktig for oss, seier Ingrid Netland frå Os Senterparti.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.