Kultur | 26. feb. 2011

Gratulerer med dagen, Fjellheim!

I dag er det 100 år sidan opningsfesten i første Fjellheim. Jubilanten rekk truleg ikkje å bli stort eldre.

Gratulerer med dagen, Fjellheim!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 26. feb. 2011 07:55

Det var talglys og parafinlampar i krokane i Fjellheim under den store opningsfesten søndag 26. februar 1911. Ikkje fordi straumen var gått, men fordi den ikkje hadde kome til Os. Først i 1914 slo dei på brytaren på Søfteland, Tøsdal og Os, to år seinare i Hagavik og først i 1919 i Søre Øyane.

Men kulturhus var på plass, og første Fjellheim blei 25 år før det brann ned og måtte erstattast av nytt Fjellheim, dagens Fjellheim, som sto klart i 1938.

- Mange av dagens gamle og unge har gode og livlege minne frå Fjellheim, men Fjellheim hadde nok minst like mykje å seia for bygdai starten, dei første åra etter 1911, trur Lars Skorpen.

Skorpen er lærar, forfattar og ven av Anders Kåre Engevik, som var redaktør for den fjerde bygdesoga kor Anders Hauge sr. har skrive ein del om Fjellheim.

Turn og musikk

Både Os Musikkforening og Os Turnforening var tidleg på 1900-talet interesserte i betre øvingslokale. Musikkforeininga, som blei starta i 1901, hadde øvingar på loftet i kommunehuset, bygningen som i dag husar Galleri Oz.

Turnarane i Os Turnforening, som blei stifta i 1905, øvde i sjøbua til Ole Valle Moberg ved Oselvo.

- Turnforeininga hadde skaffa seg ei tomt ved Kuven stasjon, musikkforeninga hadde sett seg ut eit område nærmare sentrum. Dei slo seg saman og blei eininge om å satsa nær Osøyro, fortel Skorpen.

Os Turn selte tomta si og putta pengane i potten som gjekk med til å kjøpa tomta musikkforenininga hadde sett seg ut.

200 i tomt - 3000 i bygg

Hans E. Moberg selte tomta for 200 kroner og dei to laga betalte kontant. Grunnmuren blei sett opp på dugnad medan sjølve bygginga blei for stor jobb til å ta på fritida.

- På denne tida jobba folk 10-timarsdagar. Også laurdagen var arbeidsdag. Men byggmeister Nils Bøe tok på seg oppdraget for 3000 kroner.

Starten på ei ny tid

Kven som sto på scenen på opningsdagen seier ikkje soga noko om.

- Men dette var utvilsamt starten på ei heilt ny tid for utøvarar av musikk, scenekunst og innandørsidrett i Os.

Revylaga vaks til, både i Os og krinsane, og tok dei beste poenga sine med seg til Fjellheim.

Brann og ny opningsfest

Første Fjellheim blei berre drygt 25 år, søndag 30. august 1936 blei bygningen totalskadd i brann.

- Årsaka står det ikkje skrive noko om, men brannen skal ha starta nokre timar etter at ein fest i lokalet var over. Fleire av musikarane hadde instrumenta med seg heim, men nokre var inne i lokalet og redda dei ut i siste liten.

Planane om nytt Fjellheim starta raskt og laurdag 5. februar 1938 var det ny opningsfest, i Fjellheim sånn det, med nokre tilbygg, står i dag.

Frå topptid til bør og sal

På 60-talet var det tett mellom dansetilstellingane i Fjellheim, som gav god inntekt til laga. Huset hadde si topptid og i snitt blei det selt 700 billettar per dans, ifølgje Os Musikkforening sine heimesider.

På 70-talet var det også jamn og god drift, men utover 80-talet blei Fjellheim ei bør for eigarane, Os Turnforening og Os Musikkforening. Mot slutten av 80-talet, i 1989, blei bygningen selt til Os kommune.

Skal seljast igjen

I dag er det 111 dagar til Os får nytt kulturhus. Oseana opnar 17. juni 2011 og det er ei god stund sidan Os kommunestyre vedtok å selja Fjellheim. Inntektene går inn som delfinasiering av Oseana.

- Fjellheim har vore eit fantastisk hus for Os i generasjonar. Men nye tider og auka folketal stiller nye krav til fasilitetar, seier ordførar Terje Søviknes.

Jubileet til Fjellheim blir ikkje markert, i alle fall ikkje i dag.

- Prosessen vidare er at tre arkitektkontor no er utfordra til å fremja utbyggingsskisser for eit større område rundt Fjellheim. Vinnarutkastet blir brukt som grunnlag for ny regulering, for å optimalisera salsverdien før eigedomen blir lagt ut på marknaden, seier Søviknes.

Siste eventyr?

30-årsfesten til Os Rockeklubb, som blei arrangert på dagen 73 år etter opninga av dagens Fjellheim (5. februar i år), blei kanskje den siste store festen i Fjellheim. Men det siste arrangementet blei det ikkje.

Øvingane til ulike lag og klubbar går for fullt i Fjellheim, den populære bygdekinoen går annakvar fredag og i mars er det tid for eit stort eventyr i Fjellheim.

Nesten 60 barn, ungdomar og vaksne er involvert i «Unge Andersens Eventyr», som blir framført siste helga i mars. Produksjonen er eit samarbeid mellom Anne Leni Søfteland Sæbø, Terje Neset og Patricia Langeland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.