Internasjonalt barnekor frå Kuventræ barneskule. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Gratulerte Os på fleire språk

Bildeserie og video: 17. maifeiringa på Kyrkjeflaten.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Sjå òg: Video og stor bildeserie av toget

Etter ord for dagen av elevar frå 7. trinn ved Kuventræ barneskule, var det barnekor med 1. og 2. trinn sin tur.

Dei runda av med å gratulera Os og resten av Noreg med dagen, på norsk og fleire andre språk som er representerte ved dei yngste trinna på skulen.

Urframføring

– Tida er moden, håper at du er klar, song Os til Fusa, Os representert ved koret Tilslørte bondepiker.

Sist Os og Fusa kom saman i éin kommune var i 1837.

– Den gong var dei ungdomar, det varte berre 18 år, no er kommunane vaksne, sa Mari Lyssand, med håp om langvarig sameksistens i urframføringa av «Song frå Os» (til Fusa).

Koret var akkompagnert av Oddgeir Bjelland og Knut Vidar Garlid.

Midtsiden sendte direkte frå Kyrkjeflaten. Videoen ser du i ruta under.

Med unntak av noko redusert nett rundt toget sin ankomst gjekk strøyminga bra.

Vil du spola? Sånn finn du raskt fram:
1. Ankomst, hovudprosesjonen: 23 minutt
2. Ord for dagen, 7. trinn, Kuventræ: 58 min
3. Song ved 1. og 2. trinn, Kuventræ: 1 time 8 minutt
4. Tale for dagen, Lisbeth Axelsen: 1 time 21 minutt
5. Tildeling av årets kulturstipend 1 time 33 minutt
6. Tilslørte bondepiker - urframføring «Song frå Os»: 1 time 38 minutt
7. Russepresidentane Elise Aspenes og Vegard Strønen Skeie sin tale: 1 time 49 minutt

 

Fleire saker