Næringsliv | 24. nov. 2010

Gravde over høgspentleidning

Os Gymnas, Oshallen og Os vidaregåande skule blei mørklagt. OPPDATERT.

Gravde over høgspentleidning
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 24. nov. 2010 10:24

Klokka 10.36 onsdag formiddag fekk BKK melding om straumbrot i delar av Os.

- Abonnentar i Varåsen og industriområdet Kolskogen er blant dei som er utan straum, fortalte informasjonsrådgjevar Ingunn Halvorsen frå BKK Nett rett etter at straumen gjekk.

Os Gymnas, Os vidaregåande skule, Oshallen og fleire bedrifter i Industrivegen var ramma av straumbrotet.

Gravde over kabel
Etter nokre minutt kom BKK tilbake til Midtsiden med meir informasjon om straumbrotet.

- Årsaka til straumbrotet skal vera eit graveuhell. Ei gravemaskin har vore borti ein høgspentkabel.

- Vi har no montør på veg til staden. Når skaden er reparert vil vi gradvis kopla på straumen igjen.

Bruker mykje straum
Klokka 12.47 fekk dei siste i Os straumen tilbake.

- Folk brukar mykje straum i dag på grunn av kulden, og vi måtte difor planlegga godt når kundane skulle koplast inn at så vi ikkje overbelasta straumnettet, fortel Halvorsen.

- Vi har folk på staden som er i gang med å reparere den øydelagde kabelen. Denne skal vera klar til bruk igjen i dag, slik at vi er forberedt på nye kalde dagar., avsluttar informasjonsrådgjevar Ingunn Halvorsen i BKK Nett.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.