Politi | 18. jan. 2023

Gravemaskin ramla av lastebil

Trefte personbil.

Gravemaskin ramla av lastebil
DRANGE: Gravemaskinen er på beina igjen, litt skiten, men tilsynelatande uskadd. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Eirin Eriksen Horvei
Eirin Eriksen Horveionsdag 18. jan. 2023 10:02

Kokka 10.16 rykte politiet ut til ein arbeidsulykke på Drange i Lysefjorden.

Det melder Vest politidistrikt på Twitter.

I samband med eit byggeprosjekt ytst på Drange skal ei gravemaskinen ha glidd av lasteplanet i ein bakke.

– Ingen personar er skadd, opplyser politiet på staden.

Entreprenør var ikkje sjølv på staden då uhellet skjedde, men fekk melding frå transportselskapet.

– Gravemaskina var borti ein personbil, men skaden er knapt synleg.

Det var ingen trafikale utfordringar på staden, anna enn ein liten kilometer å rygga på ein lang og smal veg for politi og fotografar på veg til og frå staden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.