Lokal | 29. mai 2018

"Grill-brannar" har kosta 30 millionar

På fem år har forsikringsselskap utbetalt 30 millionar kroner i erstatning etter brannar starta av grillar, fyrstikker eller røyking.

"Grill-brannar" har kosta 30 millionar
Sjølv om det er forbod mot bruk av open eld i Os kommune, kan du framleis grilla heime i din eigen hage, berre du er aksom (foto: pixabay)
Andris Hamretirsdag 29. mai 2018 07:07

Brannvesenet har innført totalforbod mot grilling og bruk av open eld i skog og mark, inkludert i strandsona, men ein plass har du framleis lov til å grilla, nemleg heime i din eigen hage.

– Vi har lagt oss på same linje som Bergen brannvesen. Vi har ikkje lagt ned forbod mot grilling i eigen hage, men også her gjeld det å vera aktsom, seier brannsjef Stein Gjøsund.

Sjå reglane for totalforbodet nederst i saken.

Støttar forbodet

Ei bransje som støttar totalforbodet brannvesenet har lagt ned er forsikringsbransjen.

– Vi tykkjer det er særs viktig at folk følgjer det forbodet som brannvesenet har lagt ned mot grilling. I følgje tal eg har henta ut frå Finans Noreg sin statistikk har bransjen i sommerhalvåret den siste femårs-perioda utbetalt erstatning for 30 millionar kroner etter brann og branntilløp kor kilden har ovre grill, fyrstikker eller røyking. Statistikken syner ikkje branner som er direkte følgje av grilling, men alle utbetalingar kor brannkilden er open eld og varme, fortel Arne Voll, kommunikasjonssjef i Gjensidige.

Ver ekstra forsiktig

Sjølv om ein framleis kan grilla i sin eigen hage, så bør ein vera ekstra forsiktig.

– Det gjeld både med vanlege gassgrillar og ikkje minst med kull- og eingangsgrillar. Ein eingangsgrill veg nesten ingenting, og eit lite vindpust aleine kan flytta grillen mange meter. Difor må ein vera ekstra obs på vindforholda om ein skal bruka ein eingangsgrill, påpeiker Voll, som minnar om at ein må sørgje for å sløkke denne godt etter bruk.

Slik er reglane

Os brannvesen følgjer dei same reglane som Bergen brannvesen når det gjeld totalforbodet. Forbodet gjeld fram til det kjem betydelege nedbørsmengder, ei lita skur er ikkje nok.

Dette kan du gjera:

  • Grille i din eigen hage med aktsemd

Merk at ved prekære hendingar kan brannvesenet legge ned forbod mot ALL eld, sjølv i folk sine hager. Dette vil dei i såfall formidla i ei pressemelding og via lokale medier.

Dette kan du ikkje gjera:

  • Det er ikkje lov å tenna opp små kaffibål, eingangsgrillar, kulegrillar, bålpanner, gassgriller, stormkjøkken og andre kokeapparater med brennstoff utandørs.
  • Det er ikkje lov å grille eller tenne opp bål i nærleiken av skog og mark.
  • Det er ikkje lov å tenna bål og grill i strandsonen.
  • Det er ikkje lov å tenna opp bål eller grille på dei vanlegvis godkjente og tilrettelagte bål- og grillplassane.
  • Det er ikkje lov å brenna hageavfall, sjølv på eigen tomt. Dette kan leverast inn på avfallsmottak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.