Kultur | 28. des. 2022

Grønt lys for felles fyrverkeri

Er ferdig finansiert, men påfyll via Spleis gir meir smell.

Os hamn i 2018. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 28. des. 2022 13:04

Før jul jobba Pro Pyro med å undersøkja om det var interesse for å spleisa på eit stort fellesfyrverkeri i Os hamn igjen.

– Det såg bra ut heile vegen, og no er det stadfesta. Vi er i mål og køyrer fyrverkeri i Os hamn første nyttårsdag, seier Fredrik Røttingen.

Fyrverkeriet startar klokka 18 søndag 1. januar.

– Sparebanken Vest, Bjørnafjorden Næringsråd og oss, Pro Pyro, er største sponsorar. Sparebanken Vest er klart størst, i tillegg har ei rekkje andre firma kome med bidrag, og nokre privatpersonar.

Spleisen står open til ut på dagen nyttårsaftan.

– Alt som kjem inn frå no av er med på å gjera fyrverkeriet større, seier Røttingen.

Riggen blir på moloen på Steinneset. Hugs at det kan vera lurt å vera ute i god tid, spesielt om du kjem med bil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.