Debatt | ti timar sidan

Grov feilkopling frå Venstre

Vårt signal til AP-regjeringa står ikkje, på nokon måte, i motstrid med vår solidaritet.

Grov feilkopling frå Venstre
Ordførar Terje Søviknes under markeringa for Ukraina tysdag 24. februar. No svarer han på debattinnlegg av Bjørnafjorden Venstre. Foto: Elin Johnsen / Midtsiden
Lesarinnlegg
Lesarinnleggfredag 27. feb. 2026 14:03

I eit lesarbrev 26.februar freistar Bjørnafjorden Venstre å konstruera ein motsetnad mellom Bjørnafjorden FrP sitt framlegg om å avgrensa mottaket av flyktningar til kommunen i 2026, og det å visa solidaritet med krigsråka Ukraina.

Det er ei grov feilkopling frå Venstre.

Etter Russlands fullskalainvasjon i Ukraina har Norge gitt kollektiv beskyttelse til ukrainske flyktningar. Med krig i Europa, i vårt nærområde, har det vore tverrpolitisk støtte til dette i Stortinget.

Mottak av flyktningar er staten sitt ansvar, medan kommunane vert nytta som reiskap for å sikra busetting i heile landet.

Det er difor inngått ein avtale mellom staten og kommunesektorens interesseorganisasjon KS, der kommunane forpliktar seg til å busetja flyktningar mot ein statleg kompensasjon for kommunane sine meirkostnader ved busetting og integrering.

Dei siste åre er dessverre den statlege kompensasjonen redusert.

Staten tek ikkje ansvar for sin del av avtalen, og sviktar sitt finansieringsansvar. Stadig større del av kostnaden vert velta over på kommunane, som må kutta i andre tenester for å finansiera mottak av flyktningar.

Berekningsutvalet, som er eit fagutval med representantar frå staten og kommunane, har dokumentert at staten i 2024 berre dekka 90,9% av kommunane sine meirkostnader til busetting og integrering.

Tilsvarande fekk kommunane berre dekka 83,1% av kostnadane til opplæring i norsk og samfunnskunnskap.

For 2026 har AP-regjeringa heller ikkje prisjustert integreringstilskotet til busettingskommunane. Kommunane må dermed nytta enda meir av eigne midlar til mottak av eventuelle nye flyktningar.

Kva ordinære tenester er det då som skal få mindre? Er det ei allereie hardt pressa omsorgsteneste? Eller barnehagar og skular?

Denne underfinansieringa frå staten er nok ei viktig årsak til at langt fleire kommunar i år har vedteke lågare mottak av flyktningar enn oppmodinga frå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi).

I tillegg merkar kommunane stort press på tenestene sine og i bustadmarknaden. Husleigeprisane har t.d. auka sterkt dei siste åra, mellom anna pga busetting av nær 100 000 flyktningar sidan 2022.

Difor argumenterte Fremskrittspartiet i kommunestyret for å setja bremsen på for vidare mottak av flyktningar også i vår kommune. Vårt forslag var mottak av 10 nye flyktningar i 2026, mot oppmodinga på 50 flyktningar frå IMDi.

Dels fordi vi merkar presset i tenestene og i bustadmarknaden også i Bjørnafjorden. Dels fordi vil vi sikra ei god integrering av dei 426 flyktningane vi allereie har tatt imot dei siste fem åra.

Men den aller viktigaste årsaka er at vi må senda eit tydleg signal til AP-regjeringa og Stortinget om at staten må følgja opp sin del av avtalen, og fullfinansiera kommunane si busetting og integrering av flyktningar.

Dette står ikkje på nokon måte i motstrid til at vi skal syna vår solidaritet, å gje støtte til Ukrainas heltemodige innsats mot okkupasjonsmakta.

Tapa er store, og lidingane enorme. Og ja, det er viktig at vi ikkje blir likegyldige når krigen no går inn i sitt femte år og det ikkje er teikn på snarleg fred.

Heile det ukrainske folk står no opp for våre felles vestlege verdiar. Ja, faktisk vårt vestlege levesett slik vi kjenner det - med fridom og demokrati. Det fortener all vår støtte og solidaritet, både lokalt i Bjørnafjorden og frå Norge som nasjon.

Det held eg fast ved, heilt uavhengig av kva tal flyktningar Bjørnafjorden skal ta i mot i 2026.

Terje Søviknes (FrP)
Ordførar Bjørnafjorden kommune

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om