Helse | 11. juni 2024

Grublar du for mykje?

Set opp gratis kurs for unge med negative tankar.

Grublar du for mykje?
Tur i natur kan hjelpa mot smått og stort. No set fylkeskommunen dessutan opp kurs for unge. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 11. juni 2024 09:44

Er sjølvtilliten frynsete og bekymringane hyppige? Grublar du mykje? Har du lyst til å læra nokre teknikkar for å få det betre? spør Vestland fylkeskommune.

Dei set opp nettkurs som skal hjelpa ungdom å takla negative tankar.

«Tankevirus» er eit gratis meistringskurs retta mot førebygging og meistring av lette til moderate psykiske vanskar.

Kurset er gratis og alle deltar anonymt.

Det er òg kvalitetssikra og tilrådd av Helsedirektoratet og Helsedepartementet.

Nettkursa er først til hausten, men finst òg som gratis app.I 2022 var det 100.000 personar som lasta ned appen.

– Sju av ti opplever betring, opplyser fylkeskommunen.

Vestland fylkeskommune og Frisklivsentralen i Bergen kommune arrangerer Tankevirus-kursa saman.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.