Lokal | 29. juni 2012

Grunnsteinen er på plass

Stiftinga Det historiske tunet på Lyngheim og Lyngeims vener inviterte til roser, liljer og blues på Lyngheim.

Grunnsteinen er på plass
Ordføraren hadde æra av å leggja ned grunnsteinen  (Foto: Kari Marie Austevoll)
Kari M. Lyssandfredag 29. juni 2012 11:05

I strålande solskin la ordførar Terje Søviknes torsdag ned grunnsteinen for lemstova i det historiske tunet på Lyngheim.

Medlemmar frå Osøren Jazzensemble stilte opp og spelte flotte bluestonar under seremonien.

Som eldsjel Nils Georg Brekke sa litt humoristisk:

- Vi inviterte til roser, liljer og blues, for det blei litt for mykje nasjonalromantikk med roser, liljer og hardingfele.

Stor givar- og dugnadsvilje

Det er Stiftinga Lyngheim som står bak prosjektet av det historiske tunet på Lyngheim, der mykje av arbeidet er gjort på dugnad.

Lemstova frå Tveit vart demontert i 2009 og skal no setjast opp igjen på Lyngheim.

- Vi har rekna ut at rundt 2500 timar dugnadarbeid er lagt ned til no, noko som tilsvarar 500.000 kroner i arbeidpengar, fortalte Magne Brekke, styreformann i stiftinga.

I september 2011 vart Vener av Lyngheim stifta, både for å reisa midlar, men òg for at dei som var interesserte skulle ha ei gruppe å høyra til.

Saman arbeider dei no for å få tunet ferdig innan 2014.

Det var då stor glede blant venene då tilsette frå bedrifta Rolls Royce hadde med seg ein sjekk på 100.000 kroner til prosjektet.

Ein spesiell grunnstein

I talen frå ordføraren før grunnsteinen vart lagt påpeika han at dei ikkje var i mål enno.

- Men eg håper at det å reisa bygget kan vera ein katalysator for å få fleire med på prosjektet.

Det var ikkje kva som helst grunnstein ordføraren var sett til å leggja ned.

Grunnsteinen var eit rosemåla skrin, og i skrinet var det lagt ned informasjon og teikningar om prosjektet og lemstova.

Noko godt i vente

Før det var tid for kaffi og kaker delte Nils Georg Brekke litt av sin enorme kunnskap om lemstova si historie, og fortalde om planar og draumar for framtida.

- Alle vener av Lyngheim har noko godt i vente.

Les også: Lærte om lemstova og Årets julegåve til Os

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.