Sport | 01. juli 2013

To gull i Sogndal

Både Nore Neset jenter 14 og Os gutar 14 fekk full pott i Lerum Cup.

To gull i Sogndal
Nore Neset jenter 14 vann 6 av 6 kampar og tok gull i Sogndal. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 01. juli 2013 07:21

I år var det 99-kullet sitt siste år i barne- og ungdomsturneringa i Sogndal, og både Nore Neset sitt småjentelag og førstelaget til Os gutar 14 gjekk heilt til topps.

Les og: God stemning i Sogndal

– Jentene starta litt varsamt, men blei betre og betre utover i turneringa, seier J14-trenar Jørn Vegard Berge.

Nore Neset-jentene vann 6 av 6 kampar med 15-2 i målforskjell.

– Dette var ein siger for heile den store og gode gutegruppa vår, seier assistenttrenar og keepertrenar for Os G14, Chris Kytiri.

Hamna under i finalen

Nore Neset spelte serie i éi stor avdeling, og tilfeldigvis blei det sånn at dei to beste møttest i siste kamp. Nore Neset med siger i 5 av 5 før det som blei finale, NBK med 4 sigrar og 1 uavgjort.

Nore Neset hadde berre sleppt inn eitt mål før den avgjerande sisterunden.

Kampen gjekk på Fosshaugane Campus, Sogndal sin stadion, og starta for Nore Neset med baklengsmål.

– Men Frida Lyssand utlikna før pause og Andrine Døsen gav oss 2-1-leiing i andre omgang.

Nora Berge sette inn 3-1, som blei sluttresultatet og jentene frå Nore Neset kunne sleppa jubelen laus.

– Vi har hatt ein tøff vår i 1. divisjon, så dette smakte veldig godt. Det var til stor hjelp at vi fekk låna tilbake Andrine Døsen, som gjekk til Os J16 i vinter.

– I tillegg til å vera ein goalgetter fekk ho gneisten tilbake hos gamle lagvenninner, så laget samla sett blei betre, seier Berge.

Her er gullaget: Emilie A. Bøe, Michelle A.Gassmann, Jorunn Balland, Malene Ask, Nora Berge, Frida Lyssand, Siri Storum, Vilde Norvik, Kantana Sarasiri, Victoria Hufthammer, Vilde Røttingen, Iselin Møller, Kristiane Møller, Karoline Sørstrønen og Andrine Døsen.

– Full kontroll på Austevoll

Os stilte med to gutelag i eldste klasse i Lerum Cup. Os 2 hamna i B-sluttspelet, der dei tapte kvartfinale for Eikelandsosen.

Os 1 vann heile vegen til finalen.

– Kvartfinalen var tøffast, den enda med 1-0-siger over Fana.

– Askøy skapte nesten ingenting i semifinalen, som vi vann 2-0. Austevoll var hakket betre, men også her hadde vi full kontroll, seier Kytiri etter 2-0-sigeren i finalen.

Tomas Blomberg gav Os 1-0-leiing, Martin Kyte auka til 2-0.

Kytiri synest der er ekstra kjekt at spelarane på Os 2 støtta opp og delte jubelen i finalen.

– I fjor kom vi til A-sluttspelet med to like lag, i år er første år med topping, men vi er éo stor og god gruppe som trener saman, og der vi har fleire spelarar frå andrelaget som er oppom førstelaget i serien.

I cupen fekk Os 1 dessutan bruk for keeperbyte - to gongar - grunna skade.

– Der var arrangørane greie og vi fekk henta opp keeper frå Os 2, som var slått ut, og seinare frå 2000-laget.

Her er gullaget: Glenn Hjelle, Elias Salbu, Espen Jarland, Magnus Sund, Johannes Mo Haugland, Mathias Nystad, Kristian Breivik, Espen Engevik, Lasse Styrvold, Fredrik Haustein, Andreas Kytiri, Marius Vernøy, Fabian Reiersen, Mats Fjelltveit, Fabian Bødtker, Tomas Blomberg, Carl Otto Curran, Bjørnar Rustad, Martin Kyte og Kjetil Helgesen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.