Sport | 12. nov. 2013

Gull til Jervane

Os Wolverines vann finalen i 8-mannsligaen greitt då dei slo Åsane Seahawks 50-20 laurdag.

Os Wolverines vann 8-mannsligaen (privat foto: Erik Nødtvedt)
Andris Hamretirsdag 12. nov. 2013 08:43

Bildeserie:

WR Ragnar Tundal blir stoppa av CB Clements Sommerfeld og LB Espen Salomonsen (privat foto: Erik Nødtvedt)
Angrepet står klar mot forsvaret til Åsane Seahawks (privat foto: Erik Nødtvedt)
Mottak frå Wide Receivers (WR) Adrian Sælen (privat foto: Erik Nødtvedt)
WR Alexander Moberg snappar ballen (privat foto: Erik Nødtvedt)
WR Alexander Moberg set fart (privat foto: Erik Nødtvedt)
og kjem på fart forbi Åsane Seahawks sitt forsvar (privat foto: Erik Nødtvedt)
WR Ragnar Tundal blir stoppa av CB Clements Sommerfeld og LB Espen Salomonsen (privat foto: Erik Nødtvedt)
Angrepet står klar mot forsvaret til Åsane Seahawks (privat foto: Erik Nødtvedt)
1 av 6

Etter å ha spelt ein strålande semifinale heime på Kuventræ var det klart for finalen i den lokale amerikanske 8-mannsligaen på Varden idrettpark laurdag.

– Kampen starta bra der vi returnerar eitt avspark til ein touchdown i det første spelet, fortel lagleiar Adrian Sælen.

Kjørte nye formasjonar

Deretter tok Åsane over og jobba seg framover på banen, men blei stoppa av Wolverines foran eiga målsone.

– Då vi overtok ballen, satte vi opp nokre nye formasjonar som satte Åsane litt ut.

– Det utnytta vi og skåra enno ein gong.

Til pause med god leiing

Etter den slurvete starten tok motstandarane frå Åsane nokre grep og fekk igang angrepet sitt.

– Det gjorde at dei fekk ei skåring, men vi skåra òg ein gong til og gjekk til pause med god leiing.

Lange kast

Sælen fortel om ein jamnare 2. omgang, kor Åsane sitt gode angrep fekk til fleire lange kast mot Osforsvaret.

– Langt kastspel var nok temaet for Åsane gjennom heile kampen, men vi sto godt i mot og kunne jubla for 50-20 siger, smilar Sælen.

Trenar gjennom vinteren

Sjølv om 8-mannsligaen no er over, held dei amerikanske fotballsparkarane fram gjennom vinteren.

– Mange av spelarane som spelte 8-mannsligaen går saman til Bergen Storm for å konkurrera i 1. divisjon til våren.

– Ny 8-mannsliga blir det først til hausten.

– For juniorane som held vi fram med treningar kvar torsdag i gymsalen på Os barneskule, så om det er nokon som har lyst til å vera med så er det berre å ta kontakt, avsluttar Adrian Sælen.

Desse var med på finalen: Espen Salomonsen, Fredrik Sælen, Chris Eylmann, Pepe Martinez, Håkon Aarhus, Christian Detjen (trener), Ove Kanestrøm, Edwin Stokke, Alexander Moberg, Simon Sommerfeld, Thomas Vabø, Fredric Frøyen, Leif Albrecht, Daniel Richter, Adrian Sælen, Clemens Sommerfeld, Simen Waage, Jan-Paul Dierks, Lauritz Lekven, Endre Rasmussen, Christoffer Treeck, Bjarte Eide Aase, Morten Franck Larsen og Andreas Olsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.