Gull til Sverre Lunde Pedersen, Sindre Henriksen og resten av det norske laget (skjermskot frå Eurosport)

Gull til Sverre og Sindre!!

Gratulerer Sverre Lunde Pedersen, Sindre Henriksen og resten av det norske skøytelaget.

Av: Andris Hamre

Det norske lagtempolaget med Sverre Lunde Pedersen, Håvard Bøkko og Simen Spieler Nilsen tok seg til finalen etter å ha grusa Nederland i semifinalen og satt ny olympisk rekord med 3.37.08.

Berre knappe to timar seinare møtte dei heimelaget Korea i finalen.

– Det er ingen her som går for sølvet. Vi skal gjera det same om igjen, kanskje ta det litt rolegare i starten, sa landslagstrenarar Sondre Skarslien til Eurosport i pausen medan gutane satt på sykkelen for å få ut mjølkesyra frå semifinalen ut av beina.

Spesialtrente

Korea sitt lag har blitt satt saman spesielt for å gå lagkonkurransen på heimebane.

– Dei har spesialtrent på lagtempo. Dei er eit kjempesterke, spesielt på slutten, analyserte Eurosport sin ekspert Mikael Flygind Larsen.

Sverre viktig

Flygind Larsen har latt seg imponere over Sverre Lunde Pedersen.

– Han har vore fantastisk i dette OL-et. Det å ha ein slik type i eit lagtempolag er utruleg viktig.

Knuste til frå start

Med Sverre frå start knuste Noreg til. På første passering var dei 0,47 sekund foran Korea. Sverre gjekk dei  første halvanna rundene før Bøkko gjekk ei runde og Spieler Nilsen tok føringa i halvannan runde. Dei siste rundene var det Sverre som var i føringa og det var "berre" å henge på for dei to andre.

Korea var når Nilsen hadde føringa 0,19 sekund foran, men Sverre snudde det heile igjen og førte Noreg til siger 1,12 foran Korea. Noreg gjekk i mål på tida 3.37.32. Korea på 3.38.52.

"Halvanna" gull til Os

Sverre er ikkje den einaste osingen som tok gull i dag. Sindre Henriksen har nemleg ei mor Jannecke Monsen som har vakse opp på Kuventræ. Ho speler mellomanna med Veteran-damene til Os handball.

Henriksen gjekk kvartfinalen i OL, men blei bytta ut med Håvard Bøkko før semifinalen, då han fekk det for tungt på slutten av kvartfinalen, men også han har vore ein like stor del av laget og får ein velfortent medalje.

P.S. Nederland tok bronsen med 3.38.40.