Sport | 07. okt. 2013

Gull til Thuen

Os handbak klubb best i NM med 7 gull, 3 sølv og 2 bronse. Handbak-nestor Arne Thuen viste at det framleis er kraft i vaksne armar.

Gull til Thuen
Arne Thuen, her under NM på heimebane i Oseana i 2011, tok gull i 85 kg-klassa, høgre arm (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 07. okt. 2013 13:35

Noregsmeisterskapen i handbak blei i helga arrangert på Quality hotellet på Gardermoen. Spenninga i Os handbak klubb var stor på om dei igjen skulle klara å bli beste klubb.

– Vi mangla ein del folk som plar å markera seg på resultatlistene.

– Mellom anna måtte vi klara oss utan Dan-Jarle Elmersøn Køhler Raustein, Frode Veim Haugland og Ronny Risøen.

– Men vi som deltok beit godt frå oss, smiler nybakt noregsmeister Arne Thuen, om klubbsigeren.

Vakna med stiv nakke

Oppladinga til konkurransen var kanskje ikkje den beste for handbak-nestoren.

– Eg vakna med ein forferdeleg stiv nakke på morgonen, men fekk litt behandling slik at eg klarde å gjennomføra konkurransen.

Thuen gjekk i seniorklassen, 85 kilo.

– Eg kjekk med ungdomane, ler Thuen.

– Det var kjekt å visa at så lenge ein trener hardt så kan ein enno levera, seier noregsmeisteren.

Dobbeltsiger til Gravdal og Johannessen

Thuen skryt av miljøet i handbak-klubben og av lagkompisane sine.

– Det er mykje bra talent som kjem bak meg.

– Robert Gravdal tok to gull i -75 kg, han vann finalane i både venstre og høgre arm.

– Junioren Eivind Bøe Johannessen imponerte i jr + 80 og plukka med seg gullet i begge armane.

– Eg må seia at sjølv om ikkje alle juniorane nådde heilt opp så imponerar dei. Det er mykje talent i dei unge kroppane.

– Dei må berre ta konkurransane for å læra, og halda på jamt og trutt med treninga, så kjem resultata, seier Thuen.

Dei andre medaljane til osingane tok Remi Fjæreide (sølv, venstre, -80 kg), Are Strønen (gull venstre, bronse høgre, +105 kg), Øyvind Birkeland (gull høgre, sølv venstre, -105 kg) og Tore Matre (sølv høgre, bronse venstre, 95 kg).

Tett og varmt

Thuen fortel om eit tett og varmt meisterskap.

– Lokalet vi konkurrerte i var litt trangt, så det blei ei tett og varm oppleving.

– Arrangementet var veldig proffesjonelt så det var inga grunn til å klaga.

– Litt uheldig var det at arrangørane gjekk tom for magnesium, så det blei mykje reimbryting då taka glapp, avsluttar Arne Thuen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.