Næringsliv | 05. okt. 2018

Gullsmed Eide er 75 år

Feirar med tilbodsfest, jubileumskolleksjon og eiga bok om historia til familieverksemda.

Gullsmed Eide er 75 år
Johan Eide saman med dottera Amanda (t.v.) og kona Bente. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 05. okt. 2018 13:08

Midt i andre verdskrig, året Robert de Niro, Herman Friele og Mick Jagger blei fødd, starta Johan Eide senior som gullsmed. Familieverksemda har vore i samanhengande drift og utvikling sidan 2. september 1943, no med 2. og 3. generasjon gullsmed.

– Mor og far var veldig interesserte i at eg skulle laga ei bok som fortalde historia. Vi snakka litt om det før dei døydde, men vi kom aldri så langt at vi fekk laga oppsett og manus, seier Johan D. Eide.

– Då det nærma seg jubileum tenkte eg at tida var inne. Arbeidet med boka starta i januar, i oktober får vi den for sal i butikken.

• Les òg: Sjeldan sort: Amanda fekk fagbrev som gullsmed

130 sider med 200 bilde

– Kapittelinndelinga sa seg sjølv, fortel Johan om den cirka 130 sider tjukke boka.

Boka, som har fått tittelen «75 år med handverk og handel», fortel om ein gründer frå Bergen med interesse for teikning, design og forming. Han tok utdanninga i Bergen og Oslo mens krigen herja. Han vandra så frå Oslo til Bergen, og så etablerte han seg på Os.

Kvifor Os? Korleis utvikla omsetnaden seg? Kva varer kjøpte folk før i tida? Kvifor fekk Eide i oppdrag å laga ordførarkjede i 1987? Du får mange svar i boka, som er rikt illustrert med bilde, ikkje berre av arbeid, varer, folk og butikklokale, men av situasjonar frå ulike periodar som er skildra i boka.

Eigen jubileumskolleksjon

Butikken på Os har vore i same lokale, og hatt familien Askvik som husvert, sidan slutten av 1940-talet. Seinare kom det butikk både på Amfisenteret og i Rosendal.

– Firmaet er 75 år, og det er 30 år sidan vi etablerte oss på det som den gong heitte Flåten Senter. Bergens Gullsmedlaug, som vi er medlem av, er det eldste lauget i landet uansett bransje, og feirer heile 450 år i år.

Gullsmed Eide skal feira saman med tilsette i alle tre butikkane i Oseana i slutten av september. I oktober blir det feiring med jubileumsprisar i butikken, rundt 10. oktober kjem boka.

I november kjem ein eigen jubileumskolleksjon med smykker. Dei er både i gull og sølv frå eigen verkstad. Jubileumsringen med diamantar er klar allereie no. Den er i høg prisklasse, men skal seljast til halv pris. Med dette blir det travle og innhaldsrike haustveker både på verkstaden og i butikkane for familien Eide.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.