Publikum strøymde mot scenekanten då Gunslingers drog i gang på Nore Neset 30. desember 2017. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Publikum strøymde mot scenekanten då Gunslingers drog i gang på Nore Neset 30. desember 2017. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Gunslingers tilbake til Os

Tidleg booking av Os Live.

Kjetil Vasby Bruarøy
23. januar 2018 - 10:00

«Lille nyttårsaften»-festen til Osfest-arrangørane Os Live blei i 2017 arrangert for tredje gong.

• Sjå bildeserie frå festen på Nore Neset

– Vi har gått med overskot kvar gong. Sist fest hadde vi 550 selte billettar, folk kom tidleg og det var knallgod stemning, fortel Tor Egil Hylland frå Os Live.

På scenen sto Kurt Røttingen Band, Gunslingers og Ferdamann.

No er Gunslingers boooka også til 30. desember 2018.

– Då tenkte eg «no slår du til!»

– Eg chatta litt med vokalisten (Frode Måkestad) og eg spurde korleis dei likte seg på Nore Neset. Det var berre lovord i retur, og han sa at dei gjerne kjem tilbake. Då tenkte eg «no slår du til!» fortel Hylland.

Tor Egil seier det ikkje berre er enkelt å booka band til konsertar i romjula, om berre eitt bandmedlem vil ha fri eller reisa vekk, så kan det vera nok til at dei ikkje kan stilla.

– Gunslingers er dessutan svært populære, og det ser ut som om pilene peiker oppover. No i februar speler dei saman med Rotlaus, som vi har konsert med i Vognhallen i Os 9. juni, for utselt USF Verftet i Bergen, same dag som Vassendgutane og Ausekarane speler i Framohallen.

– At dei kjem tilbake til Os håper eg publikum synest er kjekt. Vi skal dessutan booka to band til, så dei skal òg få noko variasjon frå førre fest.

10 år gamalt band frå Hardanger

I 2018 har Gunslingers 10-årsjubilem, dei har halde fleire hundre konsertar rundt omkring, på alt frå små hotell og samfunnshus til dei siste åra å ha vore headliner på mange av landets største festivalar.

– Gunslingers har på desse åra danna eit veldig godt samspel mellom musikarane og med sitt høge energinivå på konsertane skapar bandet ein uforklarlig kjemi og stemning mellom publikum og bandet. Musikken deira fungerar for alle aldrar og i alle krinsar, sa Hylland då han i september 2017 booka dei til festen for tre veker sidan.

Songane er på Hardangerdialekt med ein god dose humor og titlar som «Ein Skål Te», «Viagra Biff og Bernaise» og «Hiakktreff på Osterøy».

Bandmedlemmane:
Frode Måkestad (vokal og låtskrivar)
Frode Andreassen (trommer)
Jostein Fonnes (Bass)
Dan Mikal Ripe Frøystad (pedalsteel)

Os Live er òg i gang med bookingar til Osfest 10. og 11. august. Til no har dei sleppt tre band; Stavangerkameratene, Morten Abel og Staut.

• Midtsiden samleside: Osfest

Les meir om

Kultur Festivalar Osfest