Gustav Bahus ny fylkesleiar i Frp
Osingen Gustav Bahus overtar som leiar etter Gunnar Bakke.
Laurdag ettermiddag, på årsmøtet i Hordaland Frp på Quality Hotel Edvard Grieg, blei Gustav Bahus valt til ny leiar av fylkeslaget.
– Eg er glad og audmjuk for innstillinga til valkomiteen, seier Gustav Bahus til Midtsiden.
Han hadde ingen motkandidatar, så det var lite spenning knytt til sjølve valet.
Det var Austevoll kommune som formelt spelte Bahus inn som kandidat.
Erfaren politikar
Det nye vervet kjem ikkje i vegen for Bahus sine andre verv i partiet. Osingen har vore engasjert i fylkeslaget i over 20 år, dei siste 10 i styret.
– Å gå frå å vera organisatorisk nestleiar til leiar er ikkje så stor forskjell, bortsett for at det no blir ein del turar til landsmøte i Oslo.
– Men å vera leiar er eit større ansvar, og Frp er inne i ein veldig spennande periode.
Stort lag med mykje makt
Hordaland Frp er partiet sitt største fylkeslag.
– Med plass i regjeringa og i posisjon både i fylket og i fleire kommunar, som Bergen, Os og Austevoll, er Frp inne i ei brytningstid.
– Eg reknar med at det blir nokre krevjande og spennande oppgåver for meg framover. Hovudfokus vil vera valet i 2015, seier Bahus til Midtsiden.