Lokal | 16. juni 2014

Gut (10) velta med båt

Ein ung gut blei berga på land etter at ein båt gjekk rundt ved Lepsøy.

Gut (10) velta med båt
Ambulanse, legevakt og politi rykte ut på meldinga (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamremandag 16. juni 2014 18:35

Det blei slått full alarm då ein båt kantra ved Lepsøyneset klokka 20.16.

Dykkararar frå brannvesenet og luftambulansen rykte ut, men fekk fort beskjed om at dei kunne snu.

To gutar i 10-årsalderen var ute med kvar sin båt, då den eine gjekk rundt.

– Han blei liggande under båten, men vi fekk han fri og på land.

– Litt skremt blei han nok, men så vidt eg kunne skjønne var han fysisk uskadd, fortel eit vitne som var med å berga guten.

Den andre guten hamna ikkje i sjøen, slik som dei første meldingane gjekk ut på.

Ambulanse, legevakt og politi rykte ut for å snakka med ungane og vitne til hendinga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.