Lokal | 03. juni 2019

Gut på lett motorsykkel velta på E39

Mista kontrollen etter ei forbikøyring (retta versjon).

Gut på lett motorsykkel velta på E39
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 03. juni 2019 10:12

Klokka 00.28 natt til søndag fekk politiet melding om eit trafikkuhell på E39.

Ein førar av lett MC hadde mista kontrollen i ein sving. Etter velt hadde bilen han nett hadde køyrd forbi køyrd borti motorsykkelen.

– Ingen var skadd, det oppsto heller ikkje problem i trafikken, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

– Men patruljen tok beslag i førarkortet til mopedføraren, ein gut i 17-årsalderen.

RETTA: Midtsiden fekk først opplyst at det var ein moped, ikkje ein lett mc, og at denne blei avskilta fordi det var begjæring på den etter at den ikkje blei framstilt for pålagt kontroll. Dette er feil, det var den involverte bilen som blei avskilta.

MC-førar har dessutan trekt samtykket til førarkortbeslag.

Feststøy og fyrverkeri

Omtrent på same tid kom det klage på feststøy i eit nabolag aust om elva.

– Det skal òg ha blitt skote opp fyrverkeri, fortel Lyssand.

Ho minner om at bruk av fyrverkeri, utanom nyttårsaftan, krev søknad.

Politiet var opptatt med trafikkuhellet og var ikkje på den aktuelle adressa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.