Gut påkøyrd på Nore Neset
Luftambulanse rykte ut etter ulykke ved fotballbane.
I 18-tida onsdag rykte ambulanse og politi ut til ei ulykke ved Nore Neset idrettsplass.
– Ein åtte år gamal gut er påkøyrd. Det er uvisst om bilen også køyrde over han, opplyser politioverbetjent Christine Grindstein.
Guten var bevisst og skreik av smerter då helsepersonell kom til staden. Det blei sendt luftambulanse til Ulven for å møta ambulansen.
– Guten er frakta til Haukeland. Eg veit ikkje om han blei tatt over i helikopteret.
Tok ein prat med lagkameratane
Det var i samband med fotballtrening at guten var på pakeringsplassen ved den nye banen på Skeie.
Politiet blei igjen på staden, både for avhøyr av bilførar og for samtalar med vitne.
– Det er mogleg at han hadde bøyd seg ned då han blei påkøyrd, at det kan vera medverkande årsak, opplyser politiet.
Politiet samla lagkameratane til guten for å ta ein prat i garderoben om det som hadde skjedd.
OPPDATERT: Guten er alvorleg skadd. Vaksne måtte løfta bilen for å få guten laus.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.