Lokal | 09. mai 2019

Gut uskadd etter ulykke på Thuen

Ung syklist påkøyrd av bil.

Gut uskadd etter ulykke på Thuen
Ulykka skjedde i krysset mellom Særvollsvegen og Lepsøyvegen. Bilen hadde retning frå Nore Neset mot Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 09. mai 2019 07:34

Torsdag klokka 08.20 fekk politiet melding om trafikkulykke på Thuen.

Ein bil hadde køyrd på ein gut i krysset mellom Lepsøyvegen og Særvollvegen.

Politi, ambulanse og legevakt rykte ut til staden. Guten var bevisst og oppegåande.

– Han er kontrollert og dimittert av lege. Han har heldigvis berre fått nokre skrubbsår, opplyser politiet på staden.

Politiet har foreløpig ikkje heilt oversikt over kva som har skjedd, men fortel at bilen ikkje skal ha treft guten, men sykkelen, ein samanstøyt som fekk sykkelen til å ramla.

Bilen hadde retning Os. Ulykka skal ha skjedd mens ein buss var innom busstoppet, noko som kan ha vore med på å gjera staden uoversikteleg.

Det er ikkje tatt stilling til om det blir førarkortbeslag. Bilførar er ei kvinne i 30-åra.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.