Sport | 16. mars 2014

Gutar 16 vann cup på Stord

Os Turn stilte med eitt av sine tre gutelag og gjorde reint bord i Sunnhordland Bil Cup.

Gutar 16 vann cup på Stord
Os G16 vann i går finalen i Sunnhordland Bil Cup. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 16. mars 2014 14:03

Laurdag reiste Os Turn Fotball til Stord for å delta i Sunnhordland Bil Cup.

– Vi tok turen for å få nokre treningskampar og for å møta nokre lag vi ikkje møter i serien, seier trenar Odd Jarle Hjelle.

Siger i 3 av 3

Os spelte 2x20 minutt mot tre lag.

Først blei det 2-0-sier over Trott (mål av Lasse Styrvoll og Erik Skorpen), så vann Os 1-0 over Vard Haugesund (mål av Ådne Onarheim).

Finalen gjekk mot Haugar. Den vann Os 2-0 etter skåringar av Anders Havsgård og Fabian Bødtker.

– Spelte betre og betre

– Vi starta litt svakt, men spelte betre og betre, seier Hjelle.

– Sjølv om finalemotstandar Haugar virka gode då vi såg dei mot andre motstandarar, hadde dei ikkje sjanse mot oss.

Os har rundt 50 gutespelarar og stiller med tre lag i serien i år. I cupen i helga var berre 18 spelarar med, i neste cup, Varegg Cup, stiller Os med alle dei tre laga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.