Politi | 25. okt. 2023

Ungdomsgjeng truga med bank og løpte etter tilfeldig gut

Fekk framand gjeng etter seg. Politiet ber om tips.

Ungdomsgjeng truga med bank og løpte etter tilfeldig gut
Os terminal. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 25. okt. 2023 07:31

Tysdag i 19.30-tida fekk politiet melding om ein situasjon mellom nokre ungdomar på Os terminal.

– Ein 15 år gamal gut på veg til mørkekøyring var saman med to venar då ein geng han ikkje kjenner frå før kom og truga med vald, fortel politiopverbetjent Anne Lyssand.

Guten løpte frå staden og ungdomsgjengen løpte etter han.

– Ungdomsgjengen er ikkje kjente for guten frå før, og skal vera frå Bergen.

Då patrulje kom til staden var det ingen ungdomar å sjå på eller ved terminalen.

– Vi ser veldig alvorleg på hendinga, og ønskjer informasjon frå vitne, seier Lyssand.

Politiet har foreløpig ikkje ID på nokre av dei mistenkte, men dei skal ha kome med ein buss frå Bergen.

– Vi vil følgja opp med samtalar med dei fornærma og med auka patruljering.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Hald deg oppdatert med Midtsiden

Få tilgang til alt innhald frå Midtsiden-redaksjonen. Som abonnent hjelper du oss på veg til å kunna dekka endå meir av det som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.