Lokal | 08. okt. 2019

To gutar velta på motorsykkel

Til legevakt med skrubbsår og smerter i ein fot.

To gutar velta på motorsykkel
Ulykka skjedde ved rundkøyringa mellom Byvegen og Prestegardsskogen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 08. okt. 2019 06:27

Måndag klokka 23.12 fekk politiet melding om trafikkuhell på Byvegen.

– Ein lett MC har sklidd inn i ein fortauskant og fått sleng ved rundkøyringa mellom Byvegen og Prestegardsskogen, opplyser politiet via Twitter.

På motorsykkelen sat to gutar på under 20 år. Dei blei tatt med til legevakt for sjekk av sår og smerter i ein fot.

– Årsak til uhellet er ukjent. Det var våt vegbane på staden, og motorsykkel skal ha sklidd.

Det er ikkje mistanke om at førar var påverka. Politiet har heller ikkje oppretta sak.

Redda båt på Lepsøy

Måndag ettermiddag fekk politiet tips om ein båt som heldt på å gå ned.

Båten låg til kai på Lepsøy.

Politiet fann ut kven eigar var, og vedkomande sa han skulle koma og lensa båten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.