Godt utval av skilt og anna ein kan bruka som utsmykning er å finna på Ulvenmarknaden (foto: Andris Hamre)

Guttas marknad

Bildeserie: Med godbitar for ho mor. Stort utval på Ulvenmarknaden.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Andris Hamre

For minst femtande gang blir Ulvenmarknaden arrangert ved Os vidaregåande skule laurdag. Ein litt kald morgon med lågt skydekke la ikkje demper på stemninga og salslysten. For nokre gjekk det rett så bra.

– Eg har seld så eg greier meg, så eigentleg kan eg berre reise heim, fortalde ein då Midtsiden var innom i 11-tida.

Også for damene

Sjølv om hovudmengden av varene var ymse motordelar, skruvar og anna ein kanskje treng om ein driv og mekkar og pusser opp gamle biler, så fantes det også eit utval for dei litt mindre motorkyndige, som gamle skilt og LP-platar.

Nytt i år var også eit større innslag av kunsthandtverk og matnyttige varer, til dømes plommesyltetøy. Kanskje eit forsøk på å tilfredsstilla fruen i huset, som hadde blitt trekt med på marknad.

Nydeleg bilpark

Om ein ikkje var interessert i å handla, så kunne ein kvila auga på "nybilparkeringa". Å kalla det nye bilar er kanskje ei overdriving når ein av bilane som sto utstilt var ein A-Ford frå 1929, men at bilane var ein fryd for auge er det lite tvil om.

Fleire saker