Signe fekk nokre idear mens ho var i mammaperm. No har ho festa detaljerte draumar for Os sentrum på papiret. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Hadde mammaperm - teikna Osøyro på nytt

Signe Molland sleppte seg laus på teiknebrettet. Det blei etterkvart svært detaljrikt.

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

– Eg har alltid likt å teikna, men har ikkje teikna som dette før, seier Signe.

Ho jobba ti år som sjukepleiar, før ho etterkvart byrja å jobba som lærar innan helse og oppvekst. Noko kreativ bakgrunn har ho òg, innan musikk, og med interesse for interiør og estetikk. Men det var noko anna som sette ho på sporet av det å prøva å teikna eit meir attraktivt bygdesentrum.

– Eg var medlem av KrF, sat som vara i tenesteutvalet og blei del av eit adhocutval som jobba med form og plassering på eit eventuelt «familiens hus».

Os kommune har ambisjonar om å samla fleire familieretta tenesteområde under same tak.

– Det var nok ideane og diskusjonane vi hadde om plassering og funksjonane i Os sentrum eg tok med meg inn i morspermisjonen. Det kan vera travelt å vera småbarnsmor, men så får du nokre ledige stunder, og då kom ideane.

– Det startar allereie i Lepsøykrysset

Konkrete ommøbleringar i sentrum var det første som kom på teiknebrettet. Men ho trur ikkje det å gjera Os sentrum meir attraktiv er einaste verkemiddel.

– Eg bur på Nore Neset, ein stor og veksande krins. No har vi daglegvarer innan rekkevidde, men om vi skal fleire ærend er spørsmålet i første omgang, kva veg skal vi ta; Lepsøykrysset eller Ulvensletta?

– Eg og mange andre vel Ulvensletta, fordi det er så dårleg trafikkavvikling i Lepsøykrysset. Ferjene kjem tett, og dei fleste trafikantane på E39 slepp ingen inn. Den køen ønskjer dei fleste å styra unna.

– Når turen går over Ulvensletta er det fort gjort å stoppa på Amfisenteret, eller å køyra vidare til Lagunen. Eg trur Os sentrum taper handel på eit dårleg kryss mellom E39 og Lepsøyvegen.

Signe er einig i ein gamal tanke om påkøyringsfelt frå Nore-Neset/Lepsøy.

- Kunne vi ha stengt av Lepsøykrysset? Kva med å hekta Lepsøyvegen på «Kiwi»-krysset via tunnel inn i kollen bak bedehuset?

Utvider rådhuset med bibliotek og handel

Ho lurer på om ledig stad ved Kiwi på Moberg kunne det vore ein stad for Esso? Ein idé som fleire har hatt, er at vi kan få vår eigen «Central Park» ved gjestehamna. Rundt parken har Molland teikna ny trafikkavvikling og skissert ei spennande utviding av rådhuset.

Ny gjennomkøyring inn til butikkar og Tunet via dagens bussterminal, og nye stopp langs hovudveg for bussar. Som supplement til parkering i fjell og dobbelt dekke ved Oseana, har ho teikna eit parkeringsdekke i tilknyting til «kommunesenteret». Dette er inspirert av Bygarasjen.

- Noko av det første eg gjorde var å flytta biblioteket ned i tilbygg på rådhuset, ha leksehjelptilbod og open barnehage sentralt.

Her har ho og funne plassering til «familiens hus». Glaskuppelen mellom dei to øverste kontorfløyane er der for å sleppa lys inn i det som kunne vore ein foajé eller tropehage - ein god samlingsplass.

Parken som ligg i 3. etasje byr òg på formidabel utsikt, og her kan du nyta utsikt mens du er på intimkonsert. – Tanken vidare er å kombinera Rådhuset med kjøpesenter som går i eitt med Coop-prix, seier ei engasjert Molland. - Og vidare ha gangbruer med glasoverbygg over til «Jernia» og «Drageset-bygget».

Ein akebakke mot gjestebrygga

Inspirert av kulturhuset på Voss har Signe teikna ein akebakke frå taket på tilbygget på rådhuset, over ei bru, ned ved pumptracken og den nye parken. Her er det plass til store folkemengder, og restauranten Havnechefen er flytta ut mot gjestebrygga.

– Bakken kan brukast til leik året rundt; akebakke, «ta sjansen», og som amfi til konsert - samtidig som den koplar hamna og sentrum saman på ein morosam og turistvenleg måte!

Helseshus, leikeland, verkstad og lydstudio

Om biblioteket flyttast ned framfor rådhuset, ønskjer Signe å fylla «Bahusfabrikken», altså Os Næringspark, med meir helse.

– Om helsetenestene i Irisgården blir flytta til Os Næringspark blir det eit skikkeleg helsesenter.

I næringsparken vil ho òg ha meir aktivitet for dei unge.

– Vi bør få Leos Lekeland med eit unikt fokus på universell utforming til Os, og næringsparken kan passa bra. Der kan det òg bli plass til små undervisingsrom for skapande kunst, som treskjering og keramikk.

Signe har òg tankar om Fjellheim, som ho foreslår pussa opp og utvida, til bruk i hovudsak til dans.

– Kanskje vi òg kan få til teaterverksemd i same gate som det Fyllingsdalen har fått til? undrar ho.

– Vi kunne ha knytt dette opp til det nye skulebygget og det nye barnehagebygget som eg på papiret har frigjort plass til, like på og under dagens barneskule sin gymsal.

– I Os Aktiv og Ung Arena, som snart står ferdig, kunne det vore bygd moped- og sykkelverkstad og studio for lyd- og filmproduksjon. Os sentrum bør ha eit skikkeleg studio, så kreativ ungdom kan få utfalda seg og få enkel tilgang på kvalitetsutstyr. Kanskje flytta RadiOs ned der, og få til eit samarbeid med ungdommen?

– Eit intensivgymnas i kjerna av sentrum kunne òg vore med på å skapa auka aktivitet gjennom dagen.

Lokalhistorisk museum og app for historiske turløyper

– Lokalhistorisk museum er noko som er eit spennande konsept, meiner Signe. Kafé og lokaler for Os pensjonistforeining i samme bygg hadde vore tingen. Kva med Irisfabrikken?

– Ingenting er betre enn om nokon som kan historia vår, kunne bidrege i lokalene til å fortelja nye generasjonar om kulturarva vår. Frå museumet kan turistar få oppleva turar med transport på land og til sjøs, ut til historiske stader. Kva med hest og kjerre til Det historiske tunet på Lyngheim, eldstovo, gamle prestegarden eller ein båttur til Fusa-sida av kommunen? Og for dei som likar å røra litt ekstra på seg, kan ein app visa oss ulike historiske ruter som vi kan velja å gå. Tenk å fått gå igjennom den krigshistoriske tunnelen frå Mobergsvika og opp, heilt til bunkarane på Liafjellet. Kongshaugen har potensiale. Skulle vi bygd opp eit par gamle hus på tufter der?

– Og så spaserer vi gjerne bort til mindre parklommer oppover langs elva, med ein is i handa, seier ho med eit smil.

Signe har guidar oss rundt i «nye» Os med stor entusiasme.

– Når vi no på papiret har fått alt dette på plass, tenkjer eg at Sparebanken Vest-bygget og utviding i bakgården der, hadde eigna seg til eit lite hotell eller gjestgiveri, med utsikt mot fjorden.

Ideane er mange, og Fusa-sida av kommunen er ikkje gløymt. Signe ser for seg at vi må slå på stortromma for å lokka fleire turistar til Bjørnafjorden kommune:

– «Mikkelpark» og «Lilleputthammer», meir fjellklatring, gondolbane med utandørs glasstunnelsklier frå fjell, gjerne nokre tunellsklier ned under vatn,- og store rampar for spesialdesigna rullerblades eller skateboards ut i sjø! Hadde ikkje det vore gøy? spør ho og ler.

Imidlertid er planane meir gjennomtenkt i Osøyro:

- Tankane her har kome før vi vart Bjørnafjorden kommune.

Sender ballen vidare - og lager kanskje ein ny

Os kommune har dei siste åra gjennomført fleire arkitektkonkurransar og idémyldringar for utvikling av sentrum. Signe sine idear kjem i kjølvatnet av desse, men kanskje likevel ikkje for seint. Sentrum har fått tak over fortaua, bølgebrytarar, pumptrack og bubilparkering, men det står framleis mykje ugjort.

Esso-stasjonen er ikkje komprimert eller flytta, Fjellheim er ikkje selt, rådhuset har blitt leigetakar i nabobygget og Os terminal krev framleis eit krumspring av bussane rundt Lundehjørnet retning nord.

Den ferske arkitektspira understreker at ho ikkje har tenkt kostnad, teknikk eller næringslivet sine eventuelle interesser. Ho har sleppt seg laus med kva ho ønskjer, inspirert av ein del av det andre har formidla av idear, og sjølv komt med nokre nye. Målet er å tenkja heilskap kring kva ho trur innbyggarar og tilreisande ville sett pris på.

– Men eg håper kommunen framleis tar imot idear, og kanskje nokre av tankane mine kan ha ein verdi.

Molland ønskjer å dela teikningane sine med prosjektavdelinga i kommunen. Samtidig merker ho at det kan koma utvida versjonar.

– Eg er tilbake i jobb igjen no, men dette har verkeleg gjeve meirsmak. Det har dukka opp stadig nye element, så eg har ikkje slutta å teikna.

Relaterte saker:
Vegen vidare for Os sentrum (kommentar, 2013)
Arkitektkonkurranse - Bydraget/Liv på Øyro (2014)
Europan-vinnaren (2015)
Kommunen fekk det dei bestilte (om p-hus ved rådhuset, 2015)

Fleire saker