Kultur | 22. sep. 2017

Hadde motorsag med på scenen

Det blei blodig då dei spelte i Bergen på 90-talet. I morgon går Bastard Son Of Buddha på scenen hos Hanne’s.

Vokalist og frontfigur Simon Dancaster var berykta i Bergen. No er bandet hans tilbake, med nokre nye medlemmar, to av dei frå Os. (Pressebilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 22. sep. 2017 13:27

Bildeserie:

Laurdag speler Bastard Sons of Buddah i Os. (Pressebilde)
1 av 1
Laurdag speler Bastard Sons of Buddah i Os. (Pressebilde)

– Vi er opptatt av å by på mangfald, og har hatt alt frå keltisk musikk på harpe til rock, jazz og blues, seier Bjørn «Bosse» Sigurjonsson ved Hanne’s Konditori og Musikkbar.

Laurdag kjem det til å rista litt ekstra i bløtekakene i konditoriet. Bastard Son Of Buddha sette publikumsrekord på rockesjappene Hulen og Garage åra etter oppstart i 1989. I 2014 gjorde dei comeback.

– Dei har ein røff og spennande bakgrunn, men er først og fremst rivande gode musikarar.

Nytt konsept

Han skreiv låtar med titlar som «Jesus Was a Drug Dealer» og heldt eit brutalt sceneshow, Simon Dancaster.

– Konserten blir ikkje nostalgisk. Vi har eit nytt prosjekt og konsept på gang, sa Dancaster til BT då bandet gjorde comeback i 2014.

I det same intervjuet fortalde han om imaget han og bandet bygde dei første åra.

– Vi hadde motorsag, boremaskiner og piggtrådrakt med på kvar konsert. Det var alltid eit spørsmål om kor mykje eg kom til å blø.

Simon er framleis vokalist og frontfigur. Resten av bandet består av Jonny Berven (gitar), Jørn Rathe (bass), Jan Terje «Pez» Pedersen (trommer) og Sølve Nicolay Thobro Lauvås (turntables).

Bandmedlemmane har lang fartstid frå blant anna: Abbath, Ugress, Disorient, Stratosgutane, Bömbers, C-fau og Punishment Park.

Ikkje berre for dei hardbarka

Det blei eit fullsett Garage då bandet var tilbake i ny drakt i 2014.

I kjølvatnet av suksessen har det blitt laga video av låta «Urban Nomad», i samarbeid med Alex Lopez.

– Fokus er alltid å gje publikum ei sterk audiovisuell oppleving, men det blir verken blodig eller rom for dei store scenestunta på ein intim plass som Hanne's. Fokus er på musikken, seier Pezen, ein av to bandmedlemmar frå Os (Berven er den andre).

Simon har skrive låtar for blackmetalband som Immortal, og kan vera svart i tekstane også i sin eigen musikk. «Black punk» har vore brukt som omgrep når sjangeren skal skildrast, men Pedersen, som var nytt medlem i bandet i vår, seier musikken til «bastardane» appellerer også til dei som liker rock, men styrer unna black metal.

– Eg har til og med kalla stilen vår for funk-punk, for det er ganske funky. Den einaste gigen eg har vore med på med dette bandet var i Bergen i Osfest-helga, og då var det fleire frå Os som sa dei ville ha kome for å høyra på om dei ikkje allereie hadde festivalbillett. Derfor er det ekstra kjekt for oss at vi no får spela i Os.

Musikalsk har Bastard Son Of Buddha blitt omtalt som den onde fetteren til Gong. Bandet er for tida i studio og jobbar med ei etterlengta fullengde-utgjeving.

I morgon kan du altså få ein forsmak på Hanne’s.

– Vi speler både gamle låtar og nye, frå det komande albumet, seier Pez.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.