Lokal | 13. feb. 2021

– Hadde så dårleg sikt at han nesten køyrde meg ned

Tyrkisk sjåfør med «bomtur» gjennom Os.

– Hadde så dårleg sikt at han nesten køyrde meg ned
Den tyrkiske sjåføren skal ha sagt at frontruta har sett sånn ut i lengre tid. (Foto: Statens vegvesen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 13. feb. 2021 07:59

Statens vegvesen hadde kontroll på Os igjen i går, og ein av lastebilane dei stoppa vekker merksemd.

Bilen hadde så mange bombrikker plassert utover frontruta at sikta blei svært dårleg.

– Hadde eg ikkje flytta meg så hadde eg blitt påkøyrd, seier Terje Bødtker til NRK Vestland.

Han hevdar sjåføren ikkje såg han, og at han måtte flytta seg etter å ha vinka han inn.

Sjåføren er frå Tyrkia, og var på veg til Bergen med last. Han skal ha forklart at han har køyrd sånn i lengre tid.

Det blei nedlagt bruksforbod, men etter å ha fjerna brikkene og limen fekk han køyra vidare.

Det fekk ingen andre følgjer for sjåføren, normal prosedyre er åtvaring dei to første gongane og 8000 i forelegg om du blir tatt ein tredje gong.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.