Kultur | 15. des. 2015

– Hæ? Kem e' han som skal synga?

Undercover får undrandre blikk når Eirik Søfteland set seg ved trommene - og litt måpande uttrykk når Jens byrjar å synga. Fredag skal dei laga julestemning i Os.

– Hæ? Kem e' han som skal synga?
Jens, Olav og Eirik i Undercover, her om bord i MS Midthordland i juni, speler på Catten fredag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 15. des. 2015 11:41

– Det er litt vittig å vera på spelejobb med Undercover i Os, fortel bassist Olav Skorpen.

Les òg: Når alt blir musikk

Han og kameraten Eirik Søfteland speler i band med ein annan kompis frå by'n, Jens Erik Aasmundseth.

Jens kom eit stykke i same Idol-runde som Eirik tok seg i finalen, men er kanskje mest kjent som trommeslagar for Major Parkinson. I 2012, på Søfteland Rock N LOL, debuterte han med bandet sitt The Beauty, der han var vokalist.

– Sånn er det med trommiser, det er ikkje alle som veit kven dei er. Særleg i Os, når dei høyrer at Eirik skal koma, så trur dei han skal vera vokalist og frontfigur. Derfor er det litt morosamt å høyra mumling og sjå peiking på Jens når Eirik set seg bak trommene.

– Og så blir dei imponert når han byrjar å synga, Jens er veldig stødig nærmast på kva som helst, skryter Olav.

Vil laga allsong på Catten

I sommar spelte den erfarne trioen både på Statsraad Lehmkuhl, då skuta var i Os, og på MS Midthordland på cruise med Os Næringsråd. I haust har dei spelt i Nordhordland og på ulike julebord og private selskap i bergensområdet.

– Vi har ikkje spelt så mykje i Os, den einaste gongen vi har spelt landfast, utanom i private selskap, var vel då vi var på Catten i mars.

Bandet speler ny og gamal pop og rock, men tar med notane til ein del julesongar nå dei fredag er tilbake på Catten.

– Jens har ambisjonar om å laga allsong. Eg er spent på om han får det til, seier Olav.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.