Lokal | 07. mai 2020

Hærverk i barnehage

– Grillhytta er base for den eine avdelinga vår i desse koronatider, seier dagleg leiar.

Hærverk i barnehage
Trekket til grillen er brent og øydelagt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 07. mai 2020 07:56
  • Midtsiden har starta utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her

Torsdag morgon blei dei tilsette møtt av koks og sot i og rundt grillhytta ved entreen til Flåten Naturbarnehage.

Uvedkomande har brukt grillhytta onsdag kveld eller natt til torsdag, og det har sett sine spor.

– Grillen ser skadd ut, trekket til grillen er svidd og øydelagt, og dei har brent opp nokre barnebøker som sto i hytta, fortel eigar og dagleg leiar, Liv Lindtvedt Søfteland.

– Det er òg kasta grus i grillen, denne er svidd fast. Eg veit ikkje om vi får grillen rein og i drift igjen.

Bøkene til lesestunda har hamna på bålet, og grus er svidd fast. (Foto: Kjetil vasby Bruarøy)
Bøkene til lesestunda har hamna på bålet, og grus er svidd fast. (Foto: Kjetil vasby Bruarøy)

Ein viktig del av barnehagen

Flåten Naturbarnehage har 34-35 plassar. Den første veka med open barnehage etter koronastenging var det mykje fråvær, førre veke var det fleire tilbake og denne veka er nesten alle på plass igjen.

Grillhytta var ny i 2016, og har plass til ei god gruppe med born.

Grillen er òg svidd på utsida. (Foto: KVB)
Grillen er òg svidd på utsida. (Foto: KVB)

– Vi har normalt to avdelingar. Som smitteverntiltak har vi no ei rein uteavdeling som bruker grillhytta som base, blant anna til frukost. I dag må dei eta frukosten på benken nede ved barnehagen. Heldigvis er det opphaldsvêr.

– Saka er meldt og politiet har vore her. Eg veit ikkje kven som har tatt seg til rette her, men om det er ungdom så har kanskje foreldra kjent lukta av bål etter at dei kom heim, og kan ta ein prat med dei. Kanskje dei vil koma og be om unnskyld eller ordna opp etter seg.

– Heldigvis er det opphaldsvêr i dag, avdelinga som har grillhytta som base et frikosten ute, fortel Liv. (Foto: KVB)
– Heldigvis er det opphaldsvêr i dag, avdelinga som har grillhytta som base et frikosten ute, fortel Liv. (Foto: KVB)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.