Lokal | 01. juli 2019

Hærverk på busskur

Tre ungdomar fekk kjeft for å ha sparka på nabo-busskuret.

Hærverk på busskur
Dette busskuret langs Byvegen blei knust i helga. Eit anna blei sparka på av tre ungdomar. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 01. juli 2019 07:54

Busskuret ved Amfisenteret, på Varåsen-sida av Byvegen, er i helga knust.

Det er uvisst kor tid dette skjedde, men Midtsiden fekk tilsendt bilde frå lesar tidleg søndag morgon.

I dag fortel politiet om ei roleg og triveleg helg på fotpatrulje under Osdagane, og at einaste innslag i loggen er at tre ungdomar sparka i eit busskur ved Kiwi Idrettsvegen laurdag.

– Vi fekk melding frå publikum i 23-tida, og rykte ut, fortel politioverbetjent Atle Birkeland til Midtsiden.

– Ungdomane er i alderen 14 til 16 år. Alle blei sendt heim og foresatte er varsla.

Dette busskuret ligg nokre hundre meter sør for det knuste busskuret ved Amfisenteret. Politiet knyter likevel ikkje hendingane saman.

– Vi kjenner til dette hærverket, har naturlegvis tenkt tanken, men vi har førebels ikkje informasjon som tilseier at dei same ungdomane har knust dette busskuret. Vi veit heller ikkje kor tid det blei knust, seier Birkeland.

Han legg til at politiet gjerne tar imot tips om hærverket på busskuret.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.