Lokal | 01. des. 2019

Hærverk på gymsal

To ungdomar er mistenkt.

Hærverk på gymsal
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 01. des. 2019 08:18

Laurdag i 22-tida fekk politiet melding om skadeverk på gymnastikksalen til Os barneskule.

– To personar er mistenkt. Dei gjekk frå staden før patruljen kom fram, fortel vakthavande ved Os lensmannskontor.

Dei to blir skildra som ungdomar, og var først på taket på gymsalen.

– Dei har gjort skade på ei rist til ventilasjonsanlegget, men det er ikkje så store skadar at du kan ta deg inn i bygget.

Politiet veit ikkje kven dei to personane er, men er interessert i tips.

Sommardekk på vinterføre og julepynt i frontruta

Politiet kontrollerte to bilar i natt.

Klokka 01.45 stoppa dei ein bil med lysande julepynt i frontruta. Vedkomande fekk beskjed om å fjerna dette, og skapp unna med ei åtvaring.

Klokka 04 i natt kontrollerte dei ein bil som viste seg å ha sommardekk, trass snø og is på vegen. Bilførar blei meldt.

Laurdag formiddag hadde politiet kontroll på Lyseklostervegen ved Ulven leir. 55 bilistar blei kontrollerte, alle var edru.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.