Lokal | 04. sep. 2018

Hærverk på Nore Neset

Ei rute er knust og eit pulverapparat er tømt rundt det tidlegare barnehagebygget.

Hærverk på Nore Neset
Teknisk eining i Os kommune var tysdag morgon på plass for å få oversikt over skadene på bygget. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 04. sep. 2018 07:23

Bildeserie:

Ei rute i ei dør på baksida av bygget er knust. (Foto: KVB)
Ei rute i ei dør på baksida av bygget er knust. (Foto: KVB)
Barnehagedrifta er tidlegare i år flytta til dette nybygget. (Foto: KVB)
Barnehagedrifta er tidlegare i år flytta til dette nybygget. (Foto: KVB)
1 av 2
Ei rute i ei dør på baksida av bygget er knust. (Foto: KVB)
Barnehagedrifta er tidlegare i år flytta til dette nybygget. (Foto: KVB)

Måndag klokka 20.46 fekk Os brannvesen melding om kvit røyk frå eit barnehagebygg i Skeisleira.

Brannvesen og politi rykte ut til staden.

– Det var ingen brann, men nokon har tømt eit pulverapparat på baksida av bygget, noko som på avstand kan ha sett ut som røyk, seier varabrannsjef Arne Monsen.

Ei rute i ei dør er knust, og pulverapparatet kan ha vore stole frå innsida av barnehagen.

Politiet har til no ikkje vore tilgjengelege for kommentar.

Det er Os kommune som eig bygget, som var barnehage fram til nytt bygg sto klart tidlegare i år.

Tysdag morgon var teknisk eining på staden for å få oversikt over skadene.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.