Sport | 04. feb. 2019

Hafsås og Hansen har signert for Bjarg

Christoffer gler seg til å terga Kjetil på første trening.

Hafsås og Hansen har signert for Bjarg
Christoffer Hafsås og Kjetil Hansen har begge signert for Bjarg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 04. feb. 2019 12:52

Bildeserie:

Sist Hafsås møtte Hansen skåra han fire mål. (Foto: KVB)
Sist Hafsås møtte Hansen skåra han fire mål. (Foto: KVB)
1 av 1
Sist Hafsås møtte Hansen skåra han fire mål. (Foto: KVB)

Lysekloster-keeper Kjetil Hansen har signert for Bjarg. I går signerte Os-spissen Christoffer Hafsås for same klubb.

– Eg var innstilt på å halda fram for Os. Då dei ikkje viste interesse er eg nøgd med å ha fått meg ein klubb som Bjarg. Dei har hatt nokre spennande signeringar, og ser ut til å ha ambisjonar for sesongen som kjem, seier Hafsås.

Bjarg fekk 5. plass og rykte ned frå 3. divisjon i 2016, same året som Os landa på 4. plass og berga kontrakten. I 2018 blei det 7. plass, i 2017 var Bjarg på 4. plass i 4. divisjon. I år speler dei i Os 2 si naboavdeling i 4. divisjon.

– Eg kjem til å sakna miljøet på Kuventræ, og vil takka for tre fantastisk fine år. Samtidig ser eg fram til første trening i kveld, og spesielt til å mimra litt med Kjetil Hansen, seier Hafsås og ler.

Han skåra fire mål på Hansen då Os slo Lysekloster 4-3 på Kuventræ i 2017.

Gjensyn med tidlegare lagkamerat

Keeper Kjetil Hansen seier han ikkje blei einig med Lysekloster om ny kontrakt.

– Det er vemodig å gå, eg har hatt ei fin tid i klubben. Samtidig er eg glad for at det ordna seg så raskt med ein klubb som Bjarg, seier Kjetil til Midtsiden.

I Bjarg blir det gjensyn med tidlegare Lysekloster-trenar Torbjørn Birkelund.

– Eg rakk å ha han som trenar ein periode i Lysekloster, men vi har òg vore lagkameratar i Fana for mange år sidan, fortel Kjetil.

Han fryktar ikkje Hafsås sin plan om mimrestund.

– Hafsås er ei god signering, det blir kjekt å få han som lagkamerat. Han skal få svar om han prøver å vera spydig, lover Hansen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.