Sport | 01. nov. 2013

Haga blei helten

Battle of Bygdo: Knut Spangelo Haga avgjorde frå 11-metersmerket, på overtid, då Nore Neset G16 slo Os på heimebane i går. No kan det bli opprykk.

Vill jubel etter Haga (innfelt) blei matchvinnar på straffe på overtid. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 01. nov. 2013 08:40

Torsdag kveld spelte gutelaga til Nore Neset og Os sesongens nest siste seriekamp – mot kvarandre.

– Det er alltid ekstra spennande med derby, og spesielt for 98-årgangen vår, som ikkje hadde slått Os før i kveld, seier trenar Odd Jarle Hjelle.

Nore Neset - Os 2-1 (0-1)
Målskårarar: Vegard Olsvold (Os), Thomas Fosen og Knut Spangelo Haga

Os gjekk raskt opp i leiinga då Vegard Olsvold rundt to minutt ut i kampen sette eit frispark rett i Nore Neset-nota.

0-1 sto seg til rundt halvvegs ut i 2. omgang. Eit langt utspark frå keeper landa hos høgrekant Thomas Fosen, som utlikna til stormande jubel hos heimepublikummet under paraplyane på sidelinja.

På 1-1 var det fleire sjansar dei siste minutta. Nore Neset pressa spelemessig, men Os hadde både skot i tverrliggar og rett utanfor lengste stolpe.

Sikker straffetakar

Så fekk Nore Neset corner på overtid. Innlegget blei klartert av Os-forsvaret, men på hjørnet av 16-meteren følgte det ein episode som førte til straffespark til heimelaget.

– Knut er veldig stødig på straffe, han har kanskje missa på 1 av 10, skryter Hjelle.

Os-keeper Mikal Brekke var på rett veg, men rakk ikkje bort til det harde og godt plasserte straffesparket.

Gruppeklem og jubel

Matchvinnaren sprang med heile laget på slep rett til trenarbenken for å få klem.

– Endeleg skulle eg få vera med å slå Os, seier keeper-trenar Brynjar Øvstedal, ein av mange som sleppte jubelen laus i går.

Os rakk å produsera ein småskummel sjanse rett etter avspark, men så bles dommaren kampen av.

Kjempar om opprykk

Os, som rykte ned frå 1. divisjon til sommaren, ligg på 6. plass av 10 lag i 2. divisjonsavdelinga deira.

Nore Neset er serieleiar og har toppkamp mot Loddefjord på 3. plass på bortebane om ei veke.

Loddefjord har éin kamp mindre enn Nore Neset, og møter Trio på 2. plass i den kampen.

– Det blir tett løp, men vi leier såpass på målforskjell at uansett utfall i Trio - Loddefjord så trur eg vi klarer oss om vi slår Loddefjord, seier Hjelle.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.