Fotball | 12. okt. 2025

Haga og Dang med kvar si skåring

Men det heldt ikkje til poeng borte mot Arendal.

Haga og Dang med kvar si skåring
Alexander Dang i duell heime mot Arendal. I dag skåra kapteinen på straffe utan at det fekk noko å bety for poenga. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 12. okt. 2025 18:13

Det var 6. plass mot 5. plass då Lysekloster i dag besøkte Arendal.

Heime i midten av juni, i det som var brørne Knarvik sin første kamp som Lysekloster-trenarar, blei det 2-1-siger.

I dag blei det 2-3-tap.

Lysekloster utlikna til 1-1 to minutt ut i andre omgang. Sverre Spangelo Haga skåra målet.

Til full tid låg Lysekloster under 1-3.

Alexander Dang pynta på sluttresultatet på straffe nokre minutt på overtid.

Dermed blir begge liggande på 5. og 6. plass.

Lysekloster sine to siste kampar for sesongen går mot Pors heime og Sotra borte.

Pors slo Brann 2 i dag, og ligg no på 9. plass. Sotra vann 1-0 over Vard Haugesund og er framleis på 2. plass, seks poeng bak Sandnes Ulf og tre poeng over Brattvåg.

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.