Hagevandring på Solstrand og Moldegaard

Neste torsdag kan du vera med Os hagelag på vandring i noko av det flottaste Os har å by på.

Neste torsdag kan du vera med Os hagelag på vandring aust om elvo, når turen går til Solstrand og Moldegaard. (Foto: Os hagelag)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighfredag 02. aug. 2019 11:55

Os hagelag fortel at vandringa startar på Solstrand;

– Vi samlast på parkeringsplassen på Solstrand klokka 18. Børrea Schau-Larsen vil visa oss rundt og fortelja oss om tanken bak hagen. Hagen er kanskje mest kjent for den velduftande Romanze rosa.

– Etter det tek vi turen til Moldegaard der vi vil få høyra den spanande historia til parken og det vil bli omvisning i hagen.

– Dette vert ei vandring i noko av av det flottaste Os har å by på, seier Os hagelag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.