Kultur | 19. feb. 2010

- Haiti treng oss

Nesten to månadar etter jordskjelvet på Haiti samlar ei rekke artistar frå Os seg i Os kyrkje for å spela støttekonsert med namnet "Os hugsar Haiti".

- Haiti treng oss
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 19. feb. 2010 10:01

12. januar blei verdas nest fattigaste land, Haiti, hardt ramma av eit kraftig jordskjelv. Osingar har mobilisert og samla inn pengar, men dei forstår også at den vesle nasjonen i Karibien ikkje kjem seg på beina igjen på nokre får veker.

- Vi ville starta innsamling raskt, derfor blei det ikkje konsert rett etter katastrofa, seier Arne Mæland, som kort tid etter jordskjelvet var blant initiativtakarane som samla inn nesten 100.000 kroner med bøssebærarar utanfor butikkane i Os.

Det har vore støttekonsertar i Os etter tidlegare naturkatastrofar, med god oppslutnad både på scene og i sal.

- Sundag 28. februar blir det konsert i Os kyrkje der inntektene går til Kirkens Nødhjelp, øyremerkt støtte til Haiti. Vi tar litt inngangspengar, i tillegg blir det tatt opp kollekt, fortel Mæland, som sjølv skal halda appell etter konserten.

Variert program for heile familien
Støttekonserten får fleire av dei fremste artistane i bygda på programmet.

- Vi har lagt vekt på variasjon, pop, rock, blues, jazz og klassisk musikk, seier organist i Os kyrkje og jazzmusikarar Aasmund Brekke.

- Eg har berre spelt i kyrkje éin gong før, på ein støttekonsert i Bergen saman med Claudia Scott, seier Ole Reinert Berg-Olsen i ORBO & The Longshots.

Her er nokre av artistane som er klare for konserten:
Ole Amund Gjersvik
ORBO
Patricia Langeland
Gina Aspenes
Reny Folgerø
The Hallvard Lyssand/Bjørn Blomberg Jazz Quintet
Norvald Kobbeltvedt

Regntid og epidemifare
Dei siste vekene har det blitt færre oppslag om Haiti i norske aviser. Men situasjonen for dei som overlevde er framleis svært alvorleg.

- Regnperioden startar i mars. Dette aukar faren for epidemiar, vi har allereie fått fleire meldingar om aukande smitte av malaria, seier programkoordinator for Kirkens Nødhjelp sin innsats på Haiti, Ingvild Skeie.

Per 15. februar var situasjonen følgjande:
• 217 366 menneske er døde
• 511 405 menneske har dratt frå Port au Prince og ut til rurale område
• Over 1 millionar er interne flyktningar i dei ramma områda

Skeie ramsar opp hovudutfordringane framover slik:
• Regnperioden startar i mars. Dette aukar faren for epidemiar
• Dårlege sanitære forhold er eit problem og aukar sjansen for epidemiar
• Fleire rapportar om seksuelle overgrep mot kvinner (dette er ein trend ein veldig ofte ser i kjølvatnet av katastrofar)
• Den store migrasjonen ut på landsbygda kan skape store problem fordi folk på landsbygda normalt sett avheng av inntekter frå familiemedlem i byen. I tillegg har Haiti store miljøutfordringar (hogst for trekull) og press på jord som i utgangspunktet ikkje er den mest fruktbare. Dette kan skape store miljøproblem
• Orkansesongen startar i juni

Kirkens Nødhjelp sitt arbeid
Kirkens Nødhjelp har eit team med rådgivarar på vatn, sanitær og hygiene, i tillegg til rådgjevarar på beskyttelse og psykososialt arbeid.

- Desse områda er hovudsatsinga vår i naudhjelpsinnsatsen, og rådgjevarane er teknisk personell som arbeider saman med dei lokale partnarorganisasjonane våre i naudhjelpsinnsatsen deira.

- Framover har vi planar om å følgja opp samarbeidet med dei tre partnarane skildra over, MOFECS, MISSEH og Viva Rio. I tillegg kjem vi til å samarbeida med den lokale partnaren vår LWF Haiti som arbeider i rurale område i Haiti. Fokus vil vera, som no, vatn, sanitær og hygiene, i tillegg til psykososiale aspekt og beskyttelse.

Vi kjem også litt etter litt til å ta opp att det regulære arbeidet vårt kor mellom anna miljø og konflikthandtering er viktige fokusområde, og dette vil også vera integrert i naudhjelpsarbeidet, seier Ingvild Skeie frå Kirkens Nødhjelp.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.