Sport | 22. nov. 2018

Håland blir trenar for Fana

Osingen Ørjan Håland overtar A-laget til Fana.

Håland blir trenar for Fana
Ørjan Håland signerte i dag avtale med Fana Fotball. (Foto: fanafotball.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 22. nov. 2018 14:00

Ørjan Håland, som var assistent tre år under Hassan El Fakiri på Os, trekte seg før sesongstart med Varegg.

– Eg har takka for meg. Det har oppstått ein situasjon som gjer at eg synest det er rett, sa Håland til Midtsiden i april.

Han ville ikkje å gå ut med detaljar. Det vil heller ikkje styreleiar i Varegg. Olav Gorseth seier i ei melding at det absolutt ikkje er eit ønskje frå Varegg si side at Håland går av, og at dei synest det er trist å mista han.

No er det klart at Håland overtar etter Jan Patrik Hansson som hovudtrenar for Fana il sitt A-lag.

– Dette halve året utan anna trenaransvar enn for eigne ungar har vore heilt fantastisk! seier trebarnsfaren.

– Men eg har framleis lyst å utvikla meg vidare som fotballtrenar. Eg har kome inn på kurs for å ta UEFA A-lisens, men då det skar seg med Varegg måtte eg seia frå meg plassen. No ser eg veldig fram til å byrja å jobba for Fana!

– Er heilt betatt

Fana har lange og stolte tradisjonar i fleire idrettar, ikkje minst fotball. Fana spelte på nest øvste nivå fram til 1996, og var i 2. divisjon fram til nedrykket i 2017.

– Då det blei klart at vi etter to år skil lag med Hansson, har vi brukt mykje tid på kartlegging. Etter dei første samtalane er vi heilt betatt av Håland, både som person og som fagmann. Han har et smittande engasjement og ein enorm svolt på å utvikla laget, klubben og seg sjølv. Vi føler oss sikre på at dette blir kanonbra, seier sportsleg leiar i Fana, Mads Vik Tvedte.

Fana spelte på nest øvste nivå fram til 1996, og var i 2. divisjon fram til nedrykket i 2017. I 2019 kan dei bli motstandar med både Os og Lysekloster.

– Vi har naturlegvis lyst å spela på eit høgare nivå, men vi er minst like opptatt av måten vi når nivået på. Vi har i dag to seniorlag og fire juniorlag, spelarutvikling står i høgsetet.

Analyserte City på fritida

Sjølv om Håland har hatt fotballfri dei fleste kveldane og helgene i år, har han brukt tida på å førebu seg på nye oppdrag med seniorlag.

– Eg ville utfordra meg sjølv, og gjekk derfor i djupna på den spelestilen eg liker best.

Ørjan har brukt fleire timar på å sjå opptak av, og analysera, Manchester City. City blir trent av tidlegare FC Barcelona-trenar Pep Gardiola.

– Ja, det er mykje snakk om marginar og tilfeldigheiter i fotball. Men det er samtidig mange mønster og system, trekk som blir utført om igjen og om igjen, som fungerer i ulike fasar av ein kamp. Det er ikkje tilfeldig at City scorer hundre mål i løpet av ein sesong. Ballbesittelse og gode rørsler utan ball er nøkkelen til å skapa rom, i tillegg må du vera framoverretta for å skapa sjansar.

Håland understreker at det å analysera eit Premier League-lag ikkje er gjort for å overføra forventingar til lag i Hordaland, men at det har vore til inspirasjon, og at det har vore med på å halda trenarhovudet hans skjerpa.

I synk med klubben

Ørjan seier han har fått eit svært godt inntrykk av Fana.

- Dei stilte mange og gode spørsmål i dei første samtalane, og det gav også meg høve å utfordra dei. For meg er det å trena eit A-lag ei altoppslukande oppgåve. Du er på mange måtar klubben sitt ansikt ut til publikum, og då må du sjølv stå for alt du gjer. Derfor er det viktig for meg å vera synkronisert med klubben.

– Om det buttar imot er det naturleg å handla ut frå frykt og andre kjensler. Det er menneskeleg nok, men ikkje levedyktig i lengda. Klubb og sportsleg apparat må vera samkøyrd på éin filosofi, og stå saman i stormen om ikkje resultata er som venta.

– Sjå berre på Nest-Sotra. Dei tapte 3 av sesongens første 4 kampar. No kjempar dei om opprykk til Eliteserien.

Sjølv om han har vakse opp på Os og på Kuventræ, har Ørjan òg ein grunn til å føla seg litt heime i Fana.

– Eg vaks opp i ei stove der det hang bilde av Fana sitt A-lag på veggen. Far min var tidlegare Fana-spelar med fast ansvar for å ta straffespark, og det er folk i gangane her nede som spør meg om eg kjenner Willy Håland, fortel Ørjan og ler.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.