Lokal | 29. okt. 2020

Hald fast på kulturbudsjettet i Bjørnafjorden!

Lesarinnlegg: Det er i desse tider vi treng modige politikarar som også torer å satse på kulturelle verdiar.

Hald fast på kulturbudsjettet i Bjørnafjorden!
Ole Tobias Lindeberg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 29. okt. 2020 08:18

Bjørnafjorden kommune er i ein vanskeleg økonomisk situasjon framover, og vi er alle beden om å brette opp ermene og forberede oss på trongare tider. Dette skjer samstundes med at koronapandemien lammar samfunnet vårt på mange måtar. Politikarane våre har ei vanskeleg oppgåve når dei skal prioritere framover.

Det er i desse tider vi treng modige politikarar som også torer å satse på kulturelle verdiar som bind oss saman som ny storkommune!

Kultur er eit begrep som ofte blir brukt om idear, verdiar, holdningar og tradisjonar som folk i ein kommune har til felles. Kultur er noko som gjev oss felles retning og sveisar oss saman.

Ein styrking av kultursektoren vil bidra til å bygge felles identitet og samhald i ny kommune.

Oseana er 10 år i 2021.

Huset er etterkvart blitt ein integrert del av kulturtilbudet i kommunen. Tenåringane dykkar har alltid hatt Oseana i bygda. Å etablere eit kultursenter er ein god måte å organisere kulturlivet på.

Oseana har lokale, utstyr og produksjonskompetanse som saman med kulturavdelinga i kommunen gjev innbyggarane eit
godt kulturtilbod.

Kulturhus er ikkje noko unikt for Bjørnafjorden.

Nesten halvparten av Noregs kommunar har det. Det er ulikt frå kommune til kommune kva type innhald dei ulike husa har, men fellesnemnar er lokale kulturorganisasjonar, profesjonelle framsyningar, kulturskule, bibliotek og kunstavdeling, mellom anna. I tillegg har nokre badeland eller samlokalisering med den videregåande skulen.

På lik line med skulesektoren eller andre samfunnssektorar har kultursektoren økonomisk bidrag frå kommunen. Det kostar å drive bibliotek, kulturhus og andre aktivitetstilbod. Som eksempel tener ikkje kommunen pengar på hverken Oseana, Os bibliotek eller Osbadet.

Dette er institusjonar som har støtte over kommunebudsjettet fordi dei har ein verdi i samfunnet vårt, og fordi dei bidreg til at vi blir betre menneske og får eit rikare liv. Dei bidreg også til sysselsetting og vekst, fordi slike service- og fritidstilbod er viktige verdiar når familievalg om kor ein skal etablere seg blir tatt.

Oseana, og andre norske kulturhus, har ein annan driftsmodell enn til dømes dei store nasjonale kulturinstitusjonane. Vi har inga statleg eller fylkeskommunal driftstøtte, men blir finansiert gjennom eigen inntening på sal av billettar, midlar frå sponsorar og bidrag frå kommunen.

Dette kommunale bidraget var i 2020 på om lag 6,5 millionar.

I tillegg til driftsmidler, skal desse dekke lokalleige frå kulturskulen, og vere ein kompensasjon frå kommunen slik at alle lokale lag og organisasjonar får 50% reduksjon i leigeprisane.

Skal ein vurdere om talet er for høgt, altså dyrt, må ein sette det inn i ein samanheng. Ein må stille seg spørsmåla, kor stor del av kommunebudsjettet er dette, kva får ein for pengane og kva er alternativet?

Deler ein på antal innbyggarar, kostar kulturhuset 268 kroner i året per innbyggar.

Det er også interessant å se kor mykje aktivitet eit kulturhus skapar med desse ressursane. Vi blir som ein kulturell katalysator. Støtten vi får frå kommunen meir enn tredoblar seg, og gjev oss ein årleg omsetnad på om lag 20 millionar pr år.

Oppsummeringa blir at det økonomiske fundamentet frå Bjørnafjorden kommune legg grunnlaget for at Oseana kan tilby eit rikt og breitt kulturtilbod til flest mogleg. Vi skal halde fram, saman med kommunens øvrige kulturliv, å utvikle til beste for innbyggarane i ny kommune.

Det er difor viktig for oss å forklare og understreke kor mykje bra kulturkapital ein får for avgrensa midlar, og kva eit rikt og framtidsretta kulturliv kan bety for identitetsbygging og samhald i ny kommune.

Ole Tobias Lindeberg
Direktør
Oseana Kunst og Kultursenter

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.