Lokal | 23. juni 2017

– Hald på begge kommunenamna

Lesarinnlegg: Den nye storkommunen må få eit namn som tar vare på både Os og Fusa.

– Hald på begge kommunenamna
Bernhard Hjelle, pensjonert meteorolog-konsulent, har ei bestemt meining og at begge dei gamle kommunenamna må med i det nye. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 23. juni 2017 09:39

Me må få nytt, flott namn på storkommunen når Os og Fusa slår seg saman til éin kommune.

Me kan bruka namna Os og Fusa i det nye navnet.

Det kan vera OSFUSA, eller alfabetisk, FUSAOS.

Nett no syns eg at OSFUSA KOMMUNE høver best i hop.

Dermed får me med namnet Os og namnet Fusa i nemninga, både skriftleg og muntleg. Eg trur dette er viktig for framtida, at vi framhever dei vakre stadene i begge kommunane.

Det er mykje vakkert både i Fusa og i Os, og mange vel å koma for det er så triveleg å vera her. Me har bakkar og mykje skog, store fjell, fjorder og grøne lier, og mykje fisk i elvar og vatn i begge kommunar!

Mange fine strender og fjører å finna trivsel ved, og den fine naturen totalt i dei vakre områda i både Fusa og Os.

Det er eit veldig viktig pluss å få med namnet på begge kommunane i det nye kommunenamnet!

OSFUSA KOMMUNE

Alternativt vil eg føreslå «Os og Fusa kommun».

Helsing Bernhard Hjelle

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.