Kultur | 12. mai 2021

To helger med mykje hærverk på Halhjem barneskule

Med eit tosifra tal på øydelagte glasruter og fleire skadde leikeapparat går rektor no til politiet.

To helger med mykje hærverk på Halhjem barneskule
Halhjem barneskule slit med hærverk på skulens fasilitetar. (Foto: Ørjan Håland)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandonsdag 12. mai 2021 12:52 - Sist oppdatert 12. mai 2021

Halhjem barneskule har kontakta politiet og meldt fleire tilfelle med hærverk på skulen. Det er uvisst kven som har gjort ugjerningane, men politiet er no kopla på saka.

– Vi har hatt ein god del hærverk på skulens område dei siste to helgene. Det handlar om opprissa vindauge og skadar på fasilitetar og leikeapparat, fortel rektor ved Halhjem barneskule, Andre Sæthre.

Det er ikkje berre tissefantar som har vore teikna. (Foto: ØH)
Det er ikkje berre tissefantar som har vore teikna. (Foto: ØH)

Trakassering av tilsette

Over ti vindauge er rissa opp, i tillegg har fleire tilsette ved skulen blitt trakassert.

– Det er fleire vindauger som har blitt rissa med negative bodskap om fleire tilsette her på skulen. Dette er no dekka til.

– Dette er sjølvsagt ikkje noko som er kjekt for verken tilsette eller elevar.

Her måtte skulens ansatte dekka til ei trakasserande melding på vindauget inn mot eit klasserom. (Foto: ØH)
Her måtte skulens ansatte dekka til ei trakasserande melding på vindauget inn mot eit klasserom. (Foto: ØH)

Blir dyrt

Med mykje som no må fiksast vil det sjølvsagt bli eit økonomisk tap.

– Dette blir dyrt. Det å måtta skifta ut alle desse vindauga kostar mykje pengar.

– I tillegg er det unødig å måtta bruka tid på å skifta ut øydelagt kledning på fasadar på området vårt. Frå tidlegare har vi måtta rydda ut knuste vindauge frå dei nye og flotte hyttene vi har sett opp.

Her blei fleire plankar øydelagt. (Foto: Privat)
Her blei fleire plankar øydelagt. (Foto: Privat)

Oppmodning til nabolaget

Ei mogleg løysing på problemet kan vera å involvera dei som bur i nærleiken av skulen.

– Dette er ein skuleplass som ligg godt skjerma. Ein tanke kan vera å oppmoda dei som bur her ute å gå oftare turar innom dette området, slik at det blir litt vanskeligare å gjera hærverk.

– Ei anna tanke kan jo vera å prøva å få Natteravnene til å ta turen ut her i helgene, avsluttar Sæthre.

Politioverbetjent Anne Lyssand seier dei er klar over saka, og at patruljane har skulen på lista.

– Eg vil òg oppmoda folk som ferdast i området å følgja med, både turgåarar og dei som bruker idrettsanlegget.

Rektor ved Halhjem barneskule, Andre Sæthre håpar på meir bruk av turgåarar i skuleområdet. (Foto: ØH)
Rektor ved Halhjem barneskule, Andre Sæthre håpar på meir bruk av turgåarar i skuleområdet. (Foto: ØH)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.