Halhjem Kafé tilbake til røtene

Opnar igjen til helga.

Halhjem Kafè opnar igjen. (Foto: Midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 15. juli 2020 14:41

Søndag 15. mars 2015 blei siste opningsdag for Karla Larsen på den 49 år gamle familieverksemda Halhjem Kafé. Seinare har to ulike leigetakarar drive kvar sin periode, sist var Lukasz Brekke og cateringselskapet hans, Det Naturlig Kjøkken AS, som sa opp kontrakten i mars i år. No står nye, eller skal vi seia gamle, krefter klare til å halda dørene opne.

– Eg takka ja til å bli med som eigar av nytt driftsselskap saman med to frå Larsen-familien, Karla sin son Arild og søstera til Karla sin svigerson, Roald Stigen, fortel Terje Hatvik.

Karla Larsen er framleis huseigar. Det nye driftsselskapet heiter Halhjem Kafé AS.

– Vi synest alle at kafeen er for fin til å stå ubrukt over tid, og har fått med oss ein erfaren kokk. Servitørar tilset vi etter behov. Roald Stigen blir dagleg leiar.

Halhjem Kafè. (Foto: Midtsiden.no)

Fullt hus på prøveopning

Søndag inviterte eigarane av Halhjem Kafé AS venar til prøveopning.

– Det kom så mange som vi har lov å ha inne, med tanke på smittevern. Det er ikkje buffet i desse koronatider, men servering ved borda.

I starten blir det ope to dagar i veka, kvar laurdag og søndag i «middagstida».

– Vi skal driva ein kafé, ikkje ein restaurant, med god husmannskost og hyggelege prisar. Vi nøyar oss med å ha ope frå 13 til 19, seier Hatvik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.