Vêret i Os | 03. okt. 2025

Halhjem-Sandvikvåg innstilt grunna sterk vind

Tar ny vurdering i natt.

Halhjem-Sandvikvåg innstilt grunna sterk vind
MF Flatøy til kai på Halhjem. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden (arkiv)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 03. okt. 2025 22:52

Sambandet E39 Halhjem - Sandvikvåg er innstilt inntil vidare.

Det melder vegtrafikksentralen klokka 22.37 fredag kveld.

Årsaka er at vinden er sterk.

Det er meldt opptil 15 m/s på topp i 03-tida natt til laurdag. TorghattenNord vil ta ny vurdering klokka 03.40 i natt.

Dei neste avgangane frå Halhjem skulle vore klokka 23.10, 00.00, 00.50 og 01.40.

Fjord1 har fleire innstilte ferjer, men Halhjem-Våge og Hatvik-Venjaneset er i skrivande stund ingen varsel på.

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.